– Vatnet er trygt å drikke
Torsdag var det ein større lekkasje i hovudvassleidningen i Gol. Folk vart oppmoda om å koke drikkevatnet.
Lekkasjen vart oppdaga ved 12-tida Kristihimmelfartsdag. Sentrumsområdet mista vatnet i kring ein time, før det på nytt rann vatn i springen.
Tilfredsstillande vatn
Brotet på vassleidningen førte til at vassverket auka kloringa for å ta knekken på eventuelle mikroorganismar. I tillegg sende kommunen ut kokevarsel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag ettermiddag var analyseresultatet av vassprøvane klare.
– Me har fått svar. Vassprøvane viste tilfredsstillande resultat. Difor er kokevarselet oppheva, seier Elin Tangen, leiar på kommunalteknisk avdeling i Gol kommune.
Forsyninga via to leidningar
Gol har eit ringleidningssystem som inneber at sentrumsområdet kan få forsyning frå hovudvassverket via to ulike leidningar. Mens kommunen dreiv feilsøk på hovudleidningen, fekk sentrum vatn frå den andre leidningen.
– Dette er eit system som sikrar forsyninga, seier Tangen.