Oddvar Grøthe takka Øystein Lappegard (t.h.) for sitt store bidrag for å få realisert utbygginga av Hallingdal sjukestugu.
Oddvar Grøthe takka Øystein Lappegard (t.h.) for sitt store bidrag for å få realisert utbygginga av Hallingdal sjukestugu.

Vart takka for viktige bidrag

Kommuneoverlege i Ål Øystein Lappegard har vore ei avgjerande brikke for utbygginga av Hallingdal sjukestugu.

– Sjukestugu er eit fyrtårn i norsk helsevesen. Hallingane har fått eit tilbod me elles ikkje ville fått, sa regionsrådsordførar Oddvar Grøthe før helga under opinga av den nye sjukestugu. Han trekte fram enkeltpersonar som har vore sentrale i å gjere utbygginga mogeleg: Øystein Lappegard (kommuneoverlege i Ål), Oddmund Nestegard (avdelingsleiar intermediær avdeling), Trond Kleppen og Reidar Aasheim (prosjektleiarar for Hallingdal lokalmedisinske tenester), Per Bleikelia (sjukehusdirektør ved Ringerike sjukehus) og Ingeborg Rinnaas (avdelingsleiar for Hallingdal sjukestugu) har alle bidrege.

Spesielt trekte han fram Lappegard, som har vore prosjektleiar sidan 2008 og gjennom det vore ein pådrivar. Han har til og med skrive ei doktoravhandling med Hallingdal sjukestugu som tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du har gjort eit stort arbeid og du er ein lege med eit folkeleg språk og tolmod til å vente på politiske miljø, sa Grøthe. Som takk for innsatsen vart Lappegard tildelt eit fotografi av Terje Bjørnsen. Motivet er frå ei trapp i Hallingskarvet. Symbolikken var at Lappegard har vist vegen fram for andre, trinn for trinn.

Grøthe har sjølv hatt plass i styret i Vestre Viken HF i fire år og hans erfaring med saka var at 2012 var eit særleg krevjande år.

– Då var ein komen til konkretisering. Det mest krevjande var kostnadsfordelinga kommunane i mellom, seier Grøthe. Det var då tale om å skape forståing for behovet for dei ti interkommunale sengene.

– Lappegard var sentral og ein slags brubyggjar i denne prosessen, la Grøthe til.

* Heile helseutbygging kosta 302 millionar kroner (inkl. mva).

* Entreprisekostnad: 239,6 mill.

* Husbanktilsagn: 88,4 mill.

* Netto kostnad for Ål kommune: 168 mill.

* Hovudtreprenør: Veidekke Entreprenør avd. Hallingdal

* Rivearbeidet starta i juni 2015 og utvendig gravearbeid starta august 2015

* Delprosjekt 1 (Sjukestugu inkludert intermediær avd.) overlevert august 2016

* Delprosjekt 2 (Legevakt, legekontor, ny sansehage) overlevert september 2016

* Delprosjekt 3 (Omsorgsbustader og Kortidsplassar) overlevert desember 2016

* Byggetid: 18 månader

* Omfang: 8000 m², der 5250 m² er nybygg

* På det meste ca. 100 mann i arbeid på same tid

* Det er brukt 47.800 timeverk (tømrar og betongarbeid)

* Det er bora 23 energibrønnar

* Det er grave 1400 lengdemeter med grøfter

* Det er lagt 30.000 lengdemeter datakabel

* Det har gått med 2500 liter måling

* Utbygginga omfattar 354 rom