Det er kolonnekøyring mellom Haugastøl og Leiro på Rv7 over Hardangervidda. Biletet er tatt klokka 09:34. Då hadde bommen på Haugastøl akkurat opna, slik at kolonnen frå austsida kunne starte turen over fjellet.

Uvêr og vegarbeid: Berre éin av tre fjellovergangar er open

Vind og nedbør fører til vanskelege køyreforhold og stengde vegar på fjellovergangane fleire stader.

Torsdag morgon vart det innført kolonnekøyring på Rv7 over Hardangervidda mellom Haugastøl og Leiro på vestsida av fjellet. Ved Skulevik er det -1,8 grader, nedbør og vestleg liten kuling med ein vindstyrke på 13,5 sekundmeter.

På Fv50 mellom Hol og Aurland er vegen stengd mellom Vassbygdi og Botnatunnelen grunna vedlikehaldsarbeid i perioden 08-13. Torsdag morgon var vegen også stengd ein periode grunna tekniske problem i Geiteryggtunnelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det betyr at Rv52 over Hemsedalsfjellet er einaste fjellovergangen mellom Hallingdal og Vestlandet som har fri ferdsel.

Vêret pregar trafikken også på andre fjellovergangar i Sør-Norge. Vikafjellet, Valdresflya og Sognefjellet er stengt grunna uvêr.

Siste oppdateringar frå Statens vegvesen finn du her.

Les også
Begge ordførarane er koronasmitta: – Eg fekk bakoversveis
Les også
Rekordhøg smitte i Norge: – Eg har ikkje planlagt nokon utanlandstur med det første, for å seie det slik
Les også
Liten kvote, godt resultat: - Skulle gjerne hatt ein større bestand