Ein bil køyrde av vegen på Rv7 laurdag kveld.
Ein bil køyrde av vegen på Rv7 laurdag kveld.

Utforkøyring på Rv7

Ein bil køyrde av vegen på Rv7 laurdag kveld.

Bilen køyrde av riksvegen ved Bromma i Nes og kolliderte med eit tre.

Nødetatane fekk melding om ulykka kring klokka 22. Det var tre personar i bilen. Politiet melder førebels ikkje om personskadar. Kva som er årsaka til utforkøyringa er heller ikkje avklara. Politiet melder elles om glatte vegar somme stader etter mykje regn tidlegare på dagen. Men trass dårleg vêr og stor trafikk på vegane fredag og laurdag har det ikkje vore andre ulykker enn utforkøyringa ved Bromma.