Nes kommune.
Nes kommune.

Usemje mellom politikarane og administrasjonen

Administrasjonen og eit fleirtal i teknisk utval i Nes kommune er usamde om frådeling av 40 dekar produktiv skog frå eigedommen Ellingbråten.

Eigedommen ligg langs Vassfarvegen mellom Nesbyen og Trytetjern. Administrasjonen meiner at ei frådeling ikkje vil leggje til rette for ein tenleg bruksstruktur, og at det kan føre til drifts- og miljømessige ulemper med så små einingar. Det var ikkje eit fleirtal i utvalet samd i. Mot mot ei stemme (Bygdelista) støtta teknisk utval eit forslag frå Rune Ihle (H) om å godkjenne frådelinga. Fleirtalet meiner det ikkje vil føre til drifts- og miljømessige ulemper for landbruket fordi det er skog som blir frådelt og dei fleste naboeigedommar er små skogteigar.