Bilane står stille i frykt for å køyre ut.

Trøbbel også på Fv40 - kaos og ventetid

Underkjølt regn skapte trøbbel på Fv40 i Hol torsdag ettermiddag

– Bilane står stille i frykt for å køyre ut på det svært glatte føret i begge retningar på fylkesveg 40 i bakkane ved Dagali. Det er ikkje strøydd, skreiv ein innsendar litt før klokka 16.

Seinare vart det meldt om kaos mellom Skurdalen og Dagali. Strøbilar hadde trøbbel, og trailersjåførar hadde venta over to timar. Det vart meldt om fleire mindre utforkøyringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet rapporterte om fleire utforkøyringar i Hallingdal i løpet av dagen og ettermiddagen, men heldigvis ikkje om alvorlege ulykker.

Les også
Mange utforkøyring - såpeglatt på vegane
Les også
Påkøyrt bakfrå - ambulanse og politi rykte ut
Les også
Kraftige vindkast - måtte hente ned person frå stolheis