Denne bilen måtte i grøfta på Lykkjavegen i Hemsedal torsdag litt over klokka 14. Det er svært glatt på vegane.

Mange utforkøyring - såpeglatt på vegane

Vêrskifte fører til svært vanskelege køyreforhold torsdag.

Politiet melder om fleire ulykker, men ingen med alvorlege skader.

– På Rv52 frå Gol til Hemsedal, og i Lykkja-området i Hemsedal, er det meldt om fire-fem utforkøyringar, opplyste Øyvind Hammervold ved politiet søraust litt før klokka 14.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldigvis har dei ingen informasjon om alvorlege ulykker.

Naf veihjelp har hatt ein travel torsdag.

Måtte ha veghjelp

Journalist Line Sandvik i Hallingdølen køyrde langs Lykkjavegen på ettermiddagen. Der var det glatt, og fleire bilistar fekk problem. Naf Veihjelp måtte til for å få bilar på vegen att.

Ved 13-tida skjedde det også eit trafikkuhell på Rv7 på Geilo, der ein bil køyrde inn i den andre på det glatte føret.

I Kvislabakkane i Hol vart det meldt om trafikkproblem og langt på veg full stans.

Underkjølt regn

Det er vêrskifte som skaper vanskane. Det skiftar frå kaldt ver, til varmegrader, og det skjer samtidig med litt nedbør. Resultatet er underkjøt regn som gir svart glatt vegbane.

– Køyr etter lovverket, er det saklege rådet ril Øyvind Hammervold. I det ligg det å køyre forsiktig.

Skistar Hemsedal har eigne mannskap som er trena på å hente ned folk frå heisstolar.

Måtte stoppe heis

Vêrskifte er merkarbart på fleire måtar. I Hemsedal skisenter vart vindkasta så sterke torsdag at Tindenheisen måtte stengast. Ein person måtte reddast ned frå heisen. Redninga skjedde utan dramatikk, opplyser Andreas Smith-Erichsen i Skistar Hemsedal.

Les også
Kraftige vindkast - måtte hente ned person frå stolheis
Les også
Overlevde dramatisk utforkøyring - no sit dei begge i varetekt
Les også
Arrestert og sikta for å ha stole snøskuter, båt og ATV