Elias Dahlen og Anna Huseby har laga «Trippeldrapet på Geilo».

«Trippeldrapet på Geilo» vann podkastpris: – Å hevde seg som lokalavis, trur eg er unikt

I konkurranse med åtte andre podkastar vann Røynda «Filts podkastpris» for første kvartal 2023.

Filt er eit av Skandinavias leiande produksjonsselskap for lydmedier. Ein gong i kvartalet presenterer ein skandinavisk jury kandidatar som dei meiner fortener Filts podkastpris.

For første kvartal i 2023 nådde Hallingdølens podkast Røynda, med «Trippeldrapet på Geilo», heilt til finalefeltet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Podkasten var nominert saman med blant anna to svenske podkastar, NRKs Heile Historiens «Kirurgen», Morten Ramms «Må på behandling» og to podkastar frå Svarttrost: «Operasjon Charlie» og «Overvåket».

Vinnaren vart stemt fram på Filts eigen Facebook-side, som har over 10.000 følgarar. Røynda vann soleklart, med 67 prosent av stemmene.

– Unikt

– Eg er veldig nøgd med at me vann denne prisen. Å hevde seg mot andre utruleg dyktige podkastarar og produsentar som ei lokalavis, trur eg er unikt, seier den eine av dei to journalistane som står bak «Trippeldrapet på Geilo», Elias Dahlen. Han lagde dei fem episodane saman med kollega Anna Huseby.

– Dette er Hallingdølens første podkastproduksjon og at den er prisvinnande på første forsøk vitnar om at me har funne ei fin oppskrift, seier han.

– Samtidig er det viktig å få fram at me er takksame overfor kjeldene våre, som har late oss få lov å fortelje denne historia.

Hallingdølens nye historieforteljande podkast har fått namnet «Røynda». Det betyr verkelegheit, eller sanning.

Godt tatt imot

«Trippeldrapet på Geilo» kom i februar, og har nådd cirka 36.500 avspillingar.

– Eg opplever at Røyndas første podkast har blitt veldig godt tatt imot. Kjeldene våre fortel at folk som ikkje har vore i kontakt med kvarandre på fleire år no har prata saman, og det er både spesielt og fint, seier Dahlen.

– Samtidig trur eg hallingar som har høyrt podkasten har fått svar på ting dei har lurt på. Og eg trur me som journalistar har klart å løfte historia frå å berre handle om hendinga til noko større og menneskeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.