Kontroll: Denne traktoren hadde for tung last.

Traktorlast var for tung, bilhengar med slite og skadd dekk

Statens vegvesen gjennomførte torsdag trafikkontroll i Hallindal.

Det vart kontrollert 14 tungbilar og to lettbilar. To køyretøy fekk køyreforbod.

Ein varebil med hengar vart stoppa i Gol sentrum. På hengaren var det ein to tonn tung vals. Bilen vart teken med til kontrollstasjonen for sjekk. Køyretøyet hadde eitt skadd dekk og eitt blankslite dekk. I tillegg var det overlast med 500 kilo. Det vart gjeve køyreforbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Rv7 i Ål vart det stoppa ein traktor som var 3850 kg tyngre enn tillate. Ein hengar kan vege maks 1,5 gonger traktorens totalvekt.

Vegvesenet kontrollerte også ein del tyngre køyretøy for køyre- og kviletid, med gode resultat. Sjåførane heldt seg innanfor regelverket.

Les også
Ulovleg ATV-køyring fører til store skader i naturen: – Me ser alvorleg på dette
Les også
Føraren køyrde med usikra gravemaskin på traktorhengaren
Les også
Brann i lastebil fylt med flis - ingen kom til skade
Les også
Stoppa bil i kontroll - inni sat eit barn på ti år på ein kjøkenstol