Brann: Det er kø på grensa mellom Ål og Gol etter brannen i flisbilen.

Brann i lastebil fylt med flis - ingen kom til skade

Torsdag kveld tok det fyr i ein lastebil på Rv7 på grensa mellom Ål og Gol.

Nødetatane rykte ut og brannvesenet sette i gang sløkkingsarbeid. Lastebilen skal vere fylt med flis.

– Sjåføren av lastebilen er uskadd, opplyste politiet på Twitter ved 20-tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

I førarhuset

Politiet melde om hendinga klokka 19:35.

– Det brenn i førarhuset på lastebilen. Ein har greidd å stoppe brannen før det tok fyr i flislasta, opplyste operasjonsleiar Tore Grindem ved politiet søraust i 20:30-tida.

Han fortalde at mannskapa på det tidspunktet ikkje hadde heilt kontroll på brannen, det var framleis mykje røyk.

– Men det er liten fare for spreiing av brannen. Det regnar, og det er vått underlag, fortalde Grindem.

Under kontroll

Litt seinare prata Hallingdølen med bilistar i området. Då var sløkkingsarbeidet over, og situasjonen under kontroll.

Vegen var heilt sperra då brannmannskapa starta sløkking. Klokka 20:30 vart det sleppt på trafikk forbi staden i eine køyrefeltet. Ved 21-tida gjekk trafikken greitt forbi plassen.

– Bilbergar er på plass, og det er manuell dirigering på plassen, opplyste Tore Grindem klokka 21:15.

Tok fyr under køyring

Operasjonsleiaren opplyser at lastebilen tok fyr medan han var i drift. Bilen var på veg nedover i retning Gol då han begynte å brenne. Dette skjedde ved Trillhus, på grensa mellom Ål og Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Føraren køyrde med usikra gravemaskin på traktorhengaren
Les også
Nesning fekk full klaff i Joker-trekning: - No blir det feiring i helga
Les også
Melder sauedrapet til politiet