Hemsedal Skisenter. (Arkivfoto)
Hemsedal Skisenter. (Arkivfoto)

Toppar skisenterkåring

Det er ikkje første gongen at Hemsedal Skisenter toppar DN si kåring som Norges beste skisenter.

Måndag skjedde det igjen. Hemsedal er Norges beste alpinanlegg, i konkurranse med 200 andre. Trysil blir av Dagens Næringsliv rangert som nummer to, med Geilo på tredje. Det er opp ein plass frå i fjor. Oppdal rasar ein plass ned. Norefjell klatrar opp frå plass nummer 15 til nummer 12.

Før årets sesong har Ski-star investert kring 15 millionar kroner i ein ny skibakke mellom skianlegget og Hemsedal sentrum. I Norge er det Trysil, Hemsedal og Kvitfjell/Hafjell som er dei største vintersportsstadene. Men fleire av dei mellomstore anlegga satsar også. Både Røldal i Hordaland og Gautefall i Telemark investerer i nye ekspressheisar i år. Dermed vil også dei ta unna meir folk utan at det blir kø.