Kommunelege i Nesbyen, Nils Høva, testar ein person for koronasmitte. Arkivfoto

Tok koronatest på symptomfri person - fekk positivt resultat

Kommuneoverlege Nils Høva og hans team i Nesbyen fekk moglegheit til å teste ein person som sat i karantene, sjølv om vedkommande ikkje hadde vist symptom på koronaviruset. Resultatet bør vere ein vekkar for alle.

Testen viste seg nemleg å vere positiv.

– Personen hadde vore i nærkontakt med ein som er koronasmitta. Vedkommande sat derfor i karantene. Men personen hadde ikkje hatt nokre plagar i det heile tatt, og var heilt symptomfri, fortel Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan vere smitteberarar

Slike personar, som ikkje har symptom men som likevel er sjuke, kallast «asymptomatiske berarar». Om desse beveger seg rundt i samfunnet som vanleg, kan dei sjølvsagt smitte andre menneske.

Les også
Ein mann frå Hallingdal død av koronaviruset

Ifølge Høva har det kome tal frå USA som seier at så mykje som 25 prosent av dei som har viruset, aldri blir sjuke. Om desse tala stemmar, er det ein alarm.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Testen i Nesbyen bør vere ein vekkar for dei fleste. No er me snart inne i den fjerde veka med strenge tiltak, og dette syner at ein for all del ikkje må slurve med karantenereglar og råd som kjem frå helsemyndigheitene.

– Me håpar me snart får lov til å teste litt breiare, seier Høva. Dei har fått beskjed om at testkapasiteten i Drammen vil bli auka etter påske. Då er det håp om å få gjennomført fleire testar.

– Me har kanskje vore snever med testinga i Nesbyen, men me har ikkje fått lov til å gjere så mykje meir.

Må sjå på reglane

Nesbyen har fått tre nye smittetilfelle, og er no oppe i 19. Fleire av dei som er smitta er i ferd med å bli friske, og er inne i den fasen der dei er symptomfri etter sjukdom. Reglane i dag er slik at ein skal vere symptomfri i sju dagar før ein kan bevege seg ut i samfunnet att.

– Men dette er eit spørsmål me må få avklart - når er ein eigentleg klar for å gå ut i jobb att? Det er ikkje heilt klarlagt, seier Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ein bebuar ved omsorgssenter har fått påvist koronasmitte