Ein mann frå Hol døydde fredag ettermiddag ved Ringerike sjukehus.

Ein mann frå Hallingdal død av koronaviruset

Ein mann frå Hol døydde fredag ettermiddag på Ringerike sjukehus som følgje av koronaviruset. Det er det første koronadødsfallet i Hallingdal.

Det får Hallingdølen bekrefta ved 20-tida fredag kveld.

Mannen er i slutten av 60-åra, og var ifølge ordførar i Hol, Petter Rukke, ein av dei som tidleg vart sjuk av koronaviruset. Han har vore innlagt ved Ringerike sjukehus den siste tida, og har lege i respirator.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit kriseteam er no kopla inn for å vareta familien og dei næraste, seier Rukke.

– Utruleg trist

Hallingdal har vore hardt råka av koronaviruset sidan det braut ut. Særleg tøft har det vore i Hol.

– Me har vore førebudd på at dette kunne kome, sjølv om me hadde håpa at det ikkje ville skje. Hol har hatt mange smittetilfelle, og då er dette ein ting me måtte vere budd på. Men det er utruleg trist når det inntrer, seier Rukke.

– Dette har vore tre tøffe veker for heile kommunen. Me fekk mykje smitte alt tidleg, men folk har vore flinke til å følgje dei krav og forventningar me har hatt. No har det vore nokre rolege dagar med få positive prøver, men så kjem dette. Det er ein veldig trist inngang til påska, og eg føler med familien og dei næraste.

Prat med nokon

Ordføraren minner folk om at det no er viktig å ta vare på kvarandre.

– Ta kontakt med kvarandre. Bruk fastlege og legevakt om de har behov for nokon å prate med, seier Rukke.

Hol har så langt hatt 46 smittetilfelle, men 35 er rekna som friskmelde. Det har blitt tatt i alt 267 prøver. For Hallingdal er 91 personar bekrefta smitta.

Les også
91 smitta i Hallingdal: Fleire blir no rekna som friskmeldt