Det vil bli gjennomført koronatesting i Gol i helga. Her eit bilete frå testing i Ål.

To personar smitta - ber folk ha låg terskel for testing

To hurtigtestar slo fredag ut positivt i Gol. Kommunen har god oversikt over situasjonen, men ber folk vere merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg.

– Smittekjelda er kjent, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen fredag kveld.

Han fortel at dei to personane som fredag vart bekrefta smitta har hatt relativt lite kontakt med vedkommande som er rekna å vere smittekjelda. Denne er ikkje lokal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Såleis er det ein smittsam variant. Ut frå informasjon me har kan det vere snakk om britisk mutant, men dette er ikkje bekrefta, seier Thurainayagam.

I tillegg til hurtigtest er det også tatt vanleg test av dei to som no er bekrefta smitta.

Skuleelevar må i karantene

Dei to tilfella frå fredag kveld gjer at ein del personar vil få beskjed om å halde seg i ro. Så langt er det snakk om rundt 50 personar. Mellom anna blir tre klassar ved Gol vidaregåande skule sett i karantene.

– Dei det gjeld vil bli kontakta, og me presiserer at familiane til desse elevane skal vere i ventekarantene til me har fått svar på elevane sine prøver, fortel Thurainayagam.

Elevane det gjeld vil bli kontakta med beskjed om tidspunkt for koronatesting.

– Det vil bli gjennomført i løpet av helga, seier Thurainayagam.

– Følg med på symptom

Kommuneoverlegen føler dei har fått god oversikt over situasjonen i løpet av fredagskvelden.

– Men me ber generelt alle om å vere merksam på symptom, og ha låg terskel for å teste seg, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to smittetilfella fredag er det tredje og fjerde i Gol den siste veka. Også onsdag fekk kommunen to positive prøver. Begge desse sat alt i karantene, og utløyste ingen vidare ringverknader.

Les også
Skeptiske til hytteutbygginga
Les også
Kjempar for gondolen