Gol har fått bekrefta to smittetilfelle, men har full kontroll over situasjonen.

Fekk to nye smittetilfelle: – Dei har gjort alt rett

To personar i Gol er smitta av koronaviruset. Begge har sete i karantene og dermed unngått vidare smitte.

– Dei har gjort alt rett, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Gol fekk dei to positive testane onsdag. Personane som no er bekrefta smitta, vart testa eit døgn tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjent smittekjelde, utanfor kommunen, fortel Thurainayagam.

Dei to positive har vore i kontakt med ein annan person som også har testa positivt. Dei hamna først i ventekarantene, deretter gjekk dei rett over i nærkontakt-karantene.

– Det er ryddige forhold, og dette har heilt klart hindra vidare smitte. Me har god oversikt, seier Thurainayagam.

Les også
Meiningsmåling: Tommelen ned for Viken
Les også
Leveringstid på bremsekloss: 622 dagar
Les også
Ordensforstyrring, knuffing og mange mindreårige på fest