Illustrasjonsbilete frå koronatesting i Flå.

To smitta i Hemsedal: – Det er eit varsku

To positive koronaprøver sette sundag i gang ein stor smittesporingsjobb i Hemsedal. No sit 25 personar i karantene.

– Smitta kjem utanfrå. Me har slik sett kontroll på kor den kjem frå, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Smittesporingsarbeidet har gjort at Hemsedal har tatt kontakt med fleire andre kommunar, som må følgje opp eigne innbyggarar på bakgrunn av smittetilfella.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein oversiktleg situasjon, men samstundes ei påminning om at folk må avgrense talet på nærkontaktar, halde ein meter avstand og vere heime om dei er sjuke. Registrere seg når dei er ute for å ete, halde avstand i heiskø. Rett og slett følgje alle reglar slavisk, seier Underland.

Viktig med gode verktøy

Blant nærkontaktane til dei smitta er familie, men mange er også sett i karantene fordi dei har vore på same plass som desse to.

– Blant anna serveringsstader. Det syner kor avgjerande det er at me har gode sporingsverktøy for å kunne kartlegge nærkontaktar, seier Underland.

Les også
Nytt smitteutbrot i Hol: Fleire titals blir testa i dag

Hemsedal har hatt tett kontakt med næringa i kommunen i heile år knytt opp mot koronaviruset. Dei har drilla smittevernrutinar og vore nøye med tilsyn. Det får dei betalt for når ein situasjon som denne brått oppstår.

– Det er jo næringa sjølv som må føre ei forsvarleg drift og sørgje for at dei kan levere gode teneste, seier Underland.

Eit varsku

Dei to positive smittetilfella sundag vart avdekt ved hurtigtest. Nokre nærkontaktar vart testa same dag, med negativt svar. Men enkelte av nærkontaktane har symptom.

– Målet med gode smittevernrutinar i næringa er jo at sjølv om enkelte er i karantene så skal åtferda ha vore så god at dei ikkje blir smitta, seier Underland.

At ein slik situasjon skulle oppstå har vore venta. Det har vore enkelte små hendingar tidlegare også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men dette er eit lite varsku til alle om at ein må ta alle forholdsreglar, seier kommuneoverlegen.

Les også
Meiner utforkøyringar på Rv52 skuldast dårleg plassering av brøytestikker