Det går føre seg mykje testing ved Geilo legesenter i dag.

Nytt smitteutbrot i Hol: Fleire titals blir testa i dag

Hol fekk kontroll på smitteutbrotet som råka rett før jul. Men no står kommunen i ein ny, utfordrande koronasituasjon.

– Me har fått eit nytt utbrot. Det er snakk om fire positive tilfelle, der det eine medfører omfattande testing og sporing, seier kommuneoverlege Geir Strømmen til Hallingdølen.

Mobiliserer personale

I løpet av den siste helga før jul fekk Hol det første smitteutbrotet. I alt vart 13 personar smitta, men kommunen slo det raskt ned og fekk kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

No ventar ein ny, stor jobb. Laurdag fekk kommunen fire nye smitta, og står i eit nytt utbrot. Smittekjelda er førebels ikkje kjent, og kommunen har mobilisert mykje personale for å jobbe med både prøvetaking og smittesporing.

Drosjenæringa i kommunen er berørt. Det har vore ein stor jobb å få tak i passasjerar som er definert som nærkontaktar.

– Sjåførar som har testa seg i dag, har fått negativt prøvesvar. Dei som skal i karantene er i karantene. Alle passasjerar er kartlagt og vil få beskjed. Drosjenæringa har gjort alt rett, og følgt opp saka godt. No har dei kalla inn ekstra mannskap, og kan betene publikum gjennom jul og nyttår, seier Strømmen.

Prøvene som vart tatt sundag morgon, med hurtigtest, var alle negative.

– Fleire vil bli testa i ettermiddag, seier Strømmen.

– Stor jobb

Sjølv om det er mange i sving i smittesporingsgruppa i dag, er det ikkje enkelt å nå alle nærkontaktar.

– Det er ein stor jobb å få tak i dei, og få gitt nødvendig beskjed om karantene og testing, seier Strømmen.

Er du i Hol? Hugs at kommunen har ei rekke strenge tiltak du må halde deg til. Lista finn du i faktaboksen under.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er dei lokale koronatiltaka som gjeld i Hol no

Desse tiltaka vart innført i Hol rett før jul, og vil vare til 3. januar.

For lag, organisasjonar og private:

* Kyrkja innfører forsterka smittevern. Julevandring blir lov, med 30 i kvar gruppe.

* Frå nasjonalt hald er regelen i jula at ein kan samle 10 personar i private hus og på hytter to gonger gjennom høgtida. Dette er ikkje lov i Hol. Her gjeld husstandsmedlemmar pluss maksimalt fem personar.

* Alle innandørs aktivitetar er stoppa.

* Geilo Kino er stengt.

* Bibliotek i kommunen er stengt.

* Det er skjerpa besøkskontroll ved helseinstitusjonane og krav om bruk av smittevernutstyr for besøkande.

* Servicetorget og kommunehuset er stengt for besøkande.

For næringslivet:

* Hotell og serveringsstader må verksette forsterka tiltak. Eigne dørvakter, munnbind, handsprit for alle og stopp i alkoholserveringa klokka 22.

* Butikkar må også ta i bruk forsterka tiltak. Avgrensa tal på kundar i butikkane, eigne dørvakter for daglegvare, Europris og sportsbutikkar. Andre butikkar skal ha skilt som seier noko om kor mange som kan vere i lokala på ein gong.

* Treningssenter og spa-avdelingar ved hotell er stengt.

* Ein-til-ein-behandlingar skal berre skje ved forsterka smittevern.

* Svømmehallar på hotella er stengt for alle andre enn gjestane ved hotellet. Garderobane skal vere stengt.

I løpet av det første utbrotet før jul vart rundt 180 personar sett i karantene. Kor mange det vil bli i samband med denne nye situasjonen, står att å sjå.

Spent på omfanget

Det er ifølgje Strømmen over 20.000 personar i Hol no. Det går ut SMS til alle i kommunen i dag der dei blir minna om å vere nøye med smittevernet.

Ingen av dei to utbrota Hol har hatt involverer besøkande til kommunen.

Den vidare testinga vil slå fast kor stort det nye utbrotet vil bli.

– Me veit enno ikkje omfanget, seier Strømmen.

Les også
Var redd for korona - braut seg inn i bøttekottet i banken