Dette biletet er frå testing av korona ved Ål legevakt rett etter nyttår.

To nye smitta i Hol - begge kom frå utlandet

Hol har fått to nye smittetilfelle. Det dreier seg om såkalla innreisesmitte.

– Me har god kontroll på situasjonen, seier ordførar Petter Rukke. Smittesporingstiltak er alt gjennomført.

Utfordrande

Innreisesmitte er ei problemstilling som har fått mykje merksemd i det siste, både nasjonalt og lokalt. Slik regelen er no, skal dei som kjem til Norge ta ein koronatest innan 24 timar. Det er gode moglegheiter for å teste seg mellom anna på Gardermoen, men mange vel likevel å vente til dei kjem til heimkommunen før dei tar prøva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har lenge vore ei utfordring, også i Hol.

– Det skaper ein del testaktivitet, seier Rukke.

Men frå måndag kjem det ei viktig endring: Frå og med då alle som kjem frå eit område med karanteneplikt teste seg på grensa. Det betyr at det ikkje lenger vil bli mogleg å gå forbi teststasjonen på til dømes Gardermoen og reise vidare

Nyleg gjekk helseminister Bent Høie ut og sa at Norge har eit av dei beste systema i Europa for innreise og testing. Helsedirektoratet har bede alle kommunar som tek i mot reisande om å betre sin testkapasitet.

Det er no sett av 650 millionar ekstra til å auke kapasiteten for testing på på grenseovergangar. Det blir også oppretta eit nasjonalt telefonsenter for å hjelpe kommunane med å følgje opp reisande.

Fleire tilfelle

Også for Hallingdal er det viktig at det blir tatt grep. Det har vore fleire tilfelle av innreisesmitte den siste tida, Gol og Nesbyen har opplevd det same som Hol. Det har også Nore og Uvdal.

Kommuneoverlegane vil ha betre oppfølging av arbeidstakarar som har vore utanlands. Dei ønsker blant anna at arbeidstilsynet skal kome på banen og hjelpe til med å føre tilsyn med arbeidarar som sit i karantene etter innreise. Dette er førebels ikkje landa.

Det har heller ikkje kome ekstra midlar enno til kommunane for å hjelpe på situasjonen. Det fekk Hallingdølen stadfesta av kommuneoverlege Nils Høva i Nesbyen fredag.