Det har vore mykje testing i regionen etter jul. Her eit bilete frå testing ved Ål legevakt den første veka i januar.

Kom frå utlandet - var koronasmitta

Kriseleiinga i Nore og Uvdal melder torsdag kveld at kommunen har fått eit nytt tilfelle av koronasmitte.

Personen som har testa positivt kom frå utlandet. Det dreier seg dermed om såkalla innreisesmitte.

Smittesporingsgruppa jobbar no med smittesporing. Nærkontaktar er sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kor mange det er snakk om, er ikkje kjent.

Les også
Startar opp vaksineringa
Les også
Har endeleg sikra seg to nye fastlegar
Les også
163 personar i Hallingdal har fått vaksinen
Les også
Ny smitta i Gol - heng saman med tidlegare tilfelle