Beredskapstelt ved Geilo legesenter, klare til å ta imot koronasjuke pasientar.

To koronasmitta innlagt på sjukehus: — Det er kritisk

I løpet av helga har to personar frå Hol blitt innlagt ved Ringerike sykehus, begge alvorleg koronasjuke.

– Symptombiletet er alvorleg. Det er kritisk, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, til Hallingdølen sundag kveld.

– Det er ei ny omdreiing, som er forventa. Men det er trist når det skjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forverring

Begge dei to som no er innlagt, er kjente smittetilfelle, altså blant dei 21 som så langt har gitt positive prøvesvar i Hol.

– Dei har heile tida blitt følgt tett opp av fastlege, men så har det skjedd ei forverring, fortel Strømmen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

I helga var begge pasientane innom smitteteltet og legetenesta på Geilo før dei vart sendt med ambulanse til Ringerike.

– Kva alder snakkar me om når det gjeld desse to pasientane?

– Dei er begge i øvre alderssjikt, seier Strømmen.

Forventa

Sundag kveld var det 173 personar i Norge som var blitt lagt inn på sjukehus som følgje av koronaviruset. Utviklinga er som forventa, også i Hol.

– Eit par veker etter dei første tilfella av positive prøver, vil det kome sjukehusinnleggingar, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Hol som så langt er hardast råka av koronaviruset i Hallingdal. Til no er 21 personar bekrefta smitta i kommunen.

Les også
Tre nye smittetilfelle i Ål: No har over 40 personar fått påvist koronasmitte i Hallingdal
Les også
Krisepakka kjem næringslivet i Hallingdal til gode