Lege Jørn Ingve Tømmerstrand testa potensielle koronasmitta ved Ål legevakt i førre veke.

Tre nye smittetilfelle i Ål: No har over 40 personar fått påvist koronasmitte i Hallingdal

Sundag ettermiddag kom det melding om tre nye positive prøvesvar for koronasmitte i Ål.

Ål er med det oppe i totalt fire smitta.

Ifølge kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, er det ingen samanheng mellom dei tre nye tilfella.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei vart testa på fredag, og kan behandlast i heimeisolasjon. Me er i gang med smittesporing, seier Strømmen.

Les også
Ni nye smitta i Hol: Fleire har «betydelege symptom»

Laurdag vart det kjent at Hol hadde fått ni nye tilfelle av koronasmitte. Det er den kommunen i Hallingdal som no er hardast råka, med 21 smitta totalt.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Her er oversikta over smittetilfelle for heile Hallingdal:

Flå: 0

Nesbyen: 13

Gol: 2

Ål: 4

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal: 2

Hol: 21

I alt veit ein altså om 42 tilfelle av koronasmitte så langt. Tala er truleg langt høgare.

Laurdag fekk også Nore og Uvdal sitt første tilfelle av koronasmitte.

Les også
Solveig (90) meiner eldre ikkje blir godt nok informert om koronaviruset
Les også
Her kan du sjå opptak av sundagsgudsteneste frå Ål kyrkje