Ei kvinne i Flå erkjende skuld.
Ei kvinne i Flå erkjende skuld.

Tilsett stal frå butikken

Ein butikktilsett i Flå stal for 270.000 kroner.

No er kvinna dømt for to grove og eit simpelt tjuveri. Straffa vart samfunnsstraff i 90 timar.

Tjuveri

Det var frå mars til august i 2013 at kvinna, som var tilsett i ein butikk i Flå, stal frå butikken ho arbeidde i. Ho låste seg også inn i to andre butikkar og tok varer derfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho erkjente tjuveri då ho forklarte seg i Hallingdal tingrett. Normalstraffa for brotsverket hennar er fengsel i 90 dagar. At det tok eitt år og to månader frå politiet sende saka over til retten, tok retten omsyn til i formildande retning og konkluderte med at det i dette tilfellet er forsvarleg å gi samfunnsstraff.

Avvist

Påtalemakta kravde erstatning på 145.000 kroner for forretninga ho var tilsett i.

Det vart avvist av retten fordi opplysningane var for utilstrekkelege til at retten kan ta stilling til kravet og storleiken på det.