Olav Thon fekk audiens.
Olav Thon fekk audiens.

Thon leia polekspedisjon

Olav Thon leia personleg ein tung delegasjon som troppa opp i lokala til Vinmonopolet i Oslo. Tema: Pol i Flå.

Det var i slutten av august Thon hadde fått audiens.

I delegasjonen sin hadde milliardæren og eigedomskongen med seg styreleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, tidlegare sentralbanksjef Torstein Moland, Flå-ordførar Tor Egil Buøen og eigedomssjef Håvard Staff Brenno.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var vel berre småguten, eg, humrar ordførar Buøen.

Inviterte til Flå

Flå er den einaste kommunen i Hallingdal som ikkje har, eller har fått tildelt, vinmonopol. Den minste kommunen i regionen har ikkje akkurat vore høgt oppe på lista når Vinmonopolet har fordelt nye utsalsstader utover i landet. Men no meiner både Olav Thon og kommunen at tida er inne.

– Representantar for Vinmonopolet skal på ein rundtur i Buskerud i haust. Thon inviterte dei til Flå, seier eigedomssjef Håvard Staff Brenno.

Ordførar Tor Egil Buøen.
Ordførar Tor Egil Buøen.
Styreleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Torstein Moland.
Styreleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Torstein Moland.
Dei kjempar saman for vinmonopol i Flå, Olav Thon og styreleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Torstein Moland.
Dei kjempar saman for vinmonopol i Flå, Olav Thon og styreleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Torstein Moland.

– Er det håp?

– Flå er i ein rivande utvikling som handelsstad. I fjor var Flå nummer to av kommunane i landet med høgast prosentvis vekst. I år er det mykje som tyder på at detaljhandelen, minus servering, vil auke med over 20 prosent.

Håpar

– Men er ikkje Flå ein for liten stad for eit pol?

– Sjå på McDonalds. Me brukte to år på å få dei til Flå. I år ligg dei an til ein omsetnad på 15–20 millionar kroner. Ingen hadde trudd at det var mogleg under opninga 7. juli i fjor. Det er ei suksesshistorie. Flå har vorte ein stoppestad, det er berre eit pol som manglar.

Når Olav Thon og delegasjonen hans troppa opp i Vinmonopolet var det for å fortelje om utviklinga og den store aktiviteten som er i Flå. Og Brenno er optimist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar på ei tildeling i haust, seier han.

Ordføraren har trua

Ordførar Tor Egil Buøen seier at Flå kommune har søkt jamleg om å få vinmonopol heilt sidan etableringa av Vassfartunet i 2003. Utan å nå fram.

– Vinmonopolet har visse kriterium å gå etter; det er eit alkoholpolitisk aspekt i dette og dei skal tene pengar. No har Flå gjort eit kraftig byks som handelsstad og talet på hytter har auka. Minusfaktoren er at me framleis er få innbyggarar.

– Men er det behov?

– Det blir eit betre tilbod til både lokalbefolkning og hytteeigarar. Og det vil bety mykje for Flå som stoppstad. Folk kan få kjøpt med seg vinflaska på veg til fjells.

– Kjem det pol i Flå?

– Me har hatt god draghjelp dei siste åra. Eg trur det blir vanskeleg å seie nei. Me gir oss iallfall ikkje før me får beskjed om at Vinmonopolet ikkje ynskjer å ha Flå som etableringsstad for eit vinmonopol, seier Tor Egil Buøen.