Både Fylkesmannen i Buskerud og andre organ som skal uttala seg, har gitt klarsignal til sykkelstigen frå badeplassen ved Lya til Torpoåsen.
Både Fylkesmannen i Buskerud og andre organ som skal uttala seg, har gitt klarsignal til sykkelstigen frå badeplassen ved Lya til Torpoåsen.

Sykkelstigen har vore på høyring og er godkjent

– Sykkelstigen frå Lya til Opheimsstølane har vore ute på utvida høyring og er godkjent både av Fylkesmannen og eksterne partar.

Det seier kommunalsjef for drift og utvikling i Ål kommune, Reidun Aaker.

Hallingdølen har omtala arbeidet med ein sykkelstig mellom badeplassen ved Lya i ålingsfjellet og Opheimsstølane på Torpoåsen som starta nyleg. Enkelte undrar seg over at styresmaktene har gitt løyve til så store inngrep i eit snaufjellet der det er strenge restriksjonar mot naturinngrep og utbyggingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein fire kilometer langt sykkelstig i urørt utmark i høgfjellet med bortimot 3000 kubikkmeter fyllmasse som blir køyrt ut med minidumper, er eit inngrep som blir lagt merke til.

– Alle formalitetar er på plass. Sykkelstigen er godkjent av Fylkesmannen i Buskerud, byggjemeldt og har vore ute på utvida høyring i eksterne instansar. Prosessen har gått oppskriftsmessig føre seg og er godkjent i kommunestyret, seier Aaker.

Ho presiserer at stigen ikkje ligg i eit verna område. Men ettersom stigen ligg i høgfjellet, er det viktig at han blir liggjande fint i terrenget,

Kommunalsjef for drift og utvikling i Ål kommune, Reidun Aaker, opplyser at alle formalitetar om sykkelstigen i ålingsfjellet er i orden.
Kommunalsjef for drift og utvikling i Ål kommune, Reidun Aaker, opplyser at alle formalitetar om sykkelstigen i ålingsfjellet er i orden.
– Me må vurdere om det er enklare og rimelegare måtar å byggje sykkelstigar på i LNF-område seinare, seier gruppeleiar for Venstre i Ål, Torleif Dalseide.
– Me må vurdere om det er enklare og rimelegare måtar å byggje sykkelstigar på i LNF-område seinare, seier gruppeleiar for Venstre i Ål, Torleif Dalseide.

– Fin og lite synleg

Sykkelstigutbygging der eksisterande fjellvegar blir knytt saman med nye sykkelstigar, er satsingsområde både lokalt og regionalt.

Reidun Aaker opplyser at initiativet til sykkelstigen mellom Torpoåsen og Lya kom frå grunneigarane og Opheimsåsen AS. Ein sambindingsstig for gåande og syklistar vil gjera området attraktivt både for hyttefolk og fastbuande. Utbyggingsavdelinga i Ål kommune styrer prosessen.

– Målet er minst moglege naturinngrep. Det ser mykje verre ut no i anleggsperioden enn når sykkelstigen blir ferdig og blir fin og lite synleg, seier Reidun Aaker.

Ho legg til at heile strekningen som blir påbegynt i haust skal pyntast til i løpet av hausten. Nokre av stikkrennene som blir lagt i bekker og myrar under anleggsarbeidet er mellombels og skal fjernast.

Fyrste etappe

Halve sykkelstigen skal gjerast ferdig i haust. Breidda vil variere frå vel ein meter til ei maksimumsbreidde på 1,6 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den andre halvparten skal opparbeidast frå andre kanten neste år og stå ferdig seinast 1. oktober i 2020.

Prisen er vel 3,2 millionar kroner og er eit spleiselag mellom kommunen og utmarkslaget. Ål kommunestyre har forskottert vel 1,6 millionar kroner i spelemidlar.

Lya – Opheimsstølane er fyrste etappe i ei planlagt sykkelstigutbygging i ålingsfjella.

– Er det fleire tilsvarande sykkelstigprosjekt på gang i Ål?

– Nei, førebels er det ikkje det.

...

– Skeptisk til kostnad og omfang

– Eg var skeptisk til omfanget og kostnaden. Me må vurdere om det finst enklare måtar å laga sykkelstigar i LNF-område seinare.

Det seier kommunepolitikar og tidlegare ordførar i Ål, Torleif T. Dalseide (V).

Artikkelen held fram under annonsen.

Dalseide var den einaste som stilte kritiske spørsmål og var skeptisk då kommunestyret gav klarsignal til sykkelstigprosjektet Lya-Opheimsstølane i mai.

– Eg synest kostnaden på over 3,2 millionar kroner var vel høg for ein sykkelstig og stilte spørsmål ved den høge standarden. Men med maskinarbeid må det store inngrep og kostbart, seier Dalseide.

Han meiner såra i naturen vil gro til og dempe seg med tida. Så sykkelstigen blir sikkert veldig fin og bra når han er ferdig og alt er pynta til rundt.

– Så du vil støtte tilsvarande sykkelstigar andre stader?

– Det er fleire prosjekt på gang, og sykkelstigar er positivt. Det er viktig at me tek med oss vidare erfaringane frå denne fyrste sykkelstigen og ser om ein kan byggje rimelegare og med mindre inngrep i LNF-område seinare.

– Er du forundra over at det ikkje var fleire i kommunestyret som var skeptiske og hadde kritiske spørsmål til eit så stort prosjektet i urørt natur?

– Eg trur alle syntest det var greitt når grunneigarane hadde sagt ja. Me stolte på at det blir ein bra sykkelstig med minimale vedlikehaldskostnader og smale bruer som så langt råd er hindrar at det blir ATV-veg.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

...

Smal grusveg med enkle tiltak

– Sykkelstigen er planlagt som ein smal grusveg, 0,9 meter brei og med breiddeutviding til 1,6 meter i svingane.

Dette går fram av dispensasjonssøknaden som administrasjonen i Ål kommune sende til sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) i desember i fjor.

Det var etter ynskje frå Opheim utmarkslag at kommune søkte og fekk dispensasjon til å laga sykkelstig mellom brua ved Lya og Opheimsstølane på Torpoåsen.

– Sykkelstigen vil danne ei tverrløype som bind saman dei to fjellvegane til Trettestølane og Opheimsstølane. Den vil danne moglege rundløyper for syklistane i fjellet og turgåarar, og redusere slitasjen på terreng og vegetasjon rundt, heiter det i søknaden. Det blir vist til at sykkelstigen vil gå utanom hekkebiotop i vierkrattet, og at den kjem i randsone for villrein der det er lite aktuelt for reinen om sommaren.

I dispensasjonssøknaden blir det ikkje nemnt noko om massetransport på inntil 3000 kubikkmeter som skal danne fundament for sykkeltraseen. Det gjer det heller ikkje i avtalen med utmarkslaget.

I avtalen med Opheim utmarkslag er det rydding, merking og skilting, og mindre tiltak som fjerning av stein og stubbar, bru/klopp eller kavlelegging for å leie vassig som er nemnt. Det skal også vera tillate med mindre inngrep (planering) og grusing for at stigen skal vera framkommeleg med sykkel. Der stigen kryssar gjerde for dyrehald, skal det etablerast grind eller gjerdekløyvar.

Kostnaden for sykkelstigprosjektet er på vel 3,2 millionar kroner. Hallingdølen har fått opplyst at Ål kommune sin nettokostnad blir på rundt 600.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resten blir finansiert gjennom statlege spelemidlar som kommunen har forskottert, Opheim utmarkslag og tilskot frå Sparebankstiftinga DNB.