SV vil at regjeringas foreslåtte pott på 13 milliardar til veg skal brukast til fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16.

SV står ved kravet om Ringeriksbanen: – Regjeringa må rydde opp i avtalebrotet

SV held fast ved at Ringeriksbanen og ny E16 må vidareførast som fellesprosjekt.

Det slår partiet fast i sitt forslag til Nasjonal transportplan. SV finn seg ikkje i at regjeringa vil splitte prosjektet, berre bygge veg og sende Ringeriksbanen ut av heile transportplanen.

– Pengane sett av i regjeringas forslag til NTP må nyttast til oppstart av prosjektet på både veg og bane, heiter det i forslaget til SV.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag la Frp fram sitt forslag til transportplan der dei raskt vil kome i gang med Ringeriksbanen/E16.

– Avtalebrot

SV spelar ei nøkkelrolle når regjeringa skal søkje fleirtal for sitt forslag til Nasjonal transportplan. Transportkomiteen skal avgi si innstilling 12. juni, og planen skal behandlast i Stortinget 19. juni.

Når SV snakkar om avtalebrot viser dei til budsjettbehandlinga hausten 2022. Også då ville regjeringa splitte fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16, men vart stoppa av SV. Det er denne avtalen SV viser til når dei no kallar NTP-forslaget til regjeringa for avtalebrot.

Les også
Vil bygge Ringeriksbanen og kome raskt i gang: – Håpar av heile mitt hjarte at andre parti følgjer opp

– Regjeringa vil bygge firefeltsveg, og ikkje jernbane, mellom Skaret og Hønefoss. Det er ikkje vurdert tekniske, økonomiske eller miljømessige konsekvensar av regjeringas forslag. SV meiner regjeringa må rydde opp i avtalebrotet og vidareføre prosjektet som eit fellesprosjekt, skriv SV i forslaget til transportplan.

Mona Fagerås (SV) står fast ved kravet om å behalde Ringeriksbanen/E16 som fellesprosjekt.

13 milliardar

Mona Fagerås sit i transportkomiteen for SV og utdjupar synspunkta overfor Hallingdølen. Ho viser til at samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) lanserte ei vegsatsing Skaret-Hønefoss til 13 milliardar kroner like før framlegging av regjeringas NTP-forslag.

– Det er desse pengane SV meiner må brukast til fellesprosjektet veg og bane, seier Mona Fagerås.

– Men ein får ikkje bygd Ringeriksbanen og ny E16 for 13 milliardar?

– Nei, men dette er eit prosjekt som vil måtte gå over fleire planperiodar, svarar Fagerås.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Opp til regjeringa

Kor raskt ein kan kome i gang, er uvisst. Nygård uttalte på pressekonferansen i Hole i mars at det kunne vere mogeleg å kome i gang med vegbygginga i fyrste seksårsperiode av planen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) presenterte Buskerud-innhaldet i Nasjonal transportplan for partivener i Buskerud i mars, med 13 milliardar til ny veg Skaret-Hønefoss.

– Eg trur ikkje det er realistisk å kome i gang før i andre planperioden. Men dette er opp til regjeringa. Dei kan kome til Stortinget med ei sak om oppstart før den tid, seier Fagerås.

– Korleis vil SV stille seg til ei slik sak?

– SV har vore positiv til prosjektet lenge, og det vil forundre meg om det nye Stortinget tenker annleis, seier Fagerås.

Les også
Ute av transportplanen, ute av Inter City: – Dette er uforståeleg, heilt feil og udemokratisk

Blir FRE16 behalde som fellesprosjekt, og det blir sett av pengar, kan bygginga starte relativt raskt. Reguleringsplanen er godkjent og Nye Veier har tidlegare uttalt at dei er klare til å kome i gang.

– Rysta over vinglinga

Mona Fagerås er oppgitt over at regjeringa ikkje har stått ved avtalen om å behalde Ringeriksbanen/E16 som fellesprosjekt, og har fleire gonger i media kravd opprydding.

– Akkurat no er det viktigaste å sikre FRE16 som fellesprosjekt. Eg er rysta over vinglinga fram og tilbake og at statsråden på nytt kjem med forslag om å splitte prosjektet, seier Mona Fagerås.