Bergensbanen er ikkje stengt, men toga har Hønefoss som endestasjon. Arkivfoto

Torsdag morgon: Bergensbanen går som normalt att

Bergensbanen er open att. Ved 04-tida natt til torsdag var vêrutfordringane løyst.

– Ja, Bergensbanen er i full drift att, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til Hallingdølen klokka 08:05.

Han fortel at det var i drammensområdet problemet oppstod då snø og vind sette store deler av Austlandet sjakk matt. Ved 04-tida torsdag var Drammensbanen og Vestfoldbanen i gang att. Med det også Bergensbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snøkaoset på Austlandet skapte onsdag store problem for trafikken. Det ramma også jernbanen. Onsdag var det tilnærma full stans i all togtrafikk på store delar av Austlandet.

Klokka 20.33 melde Bane Nor på sine nettsider at togtrafikken var i gang att på enkelte strekningar, men at folk framleis måtte rekne med forsinka og innstilte tog. Rådet frå Bane Nor var at folk nytta seg av annan transport der det var eit alternativ, for å rydde toglinene kunne ta tid.

– Eg har ikkje fått nokon ny prognose frå Bane Nor. Eg kan difor ikkje gje eit klart svar på når trafikken på Bergensbanen vil gå som normalt igjen, sa kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy i ei oppdatering til Hallingdølen onsdag ettermiddag.

– Dette er heilt heftig. Når det er ekstremvêr på Bergensbanen, er det som regel Hardangervidda som er problemet. Eg har aldri vore borti slikt kaos innanfor bygrensa i Oslo, la han til.

Onsdag var Hønefoss den nye endestasjonen viss du kom vestfrå på Bergensbanen. Toga vestfrå enda altså på Hønefoss. Der snudde toga og gjekk vestover att.

– Vil vestgåande tog gå som normalt?

– Planen er å sende toga vestover frå Hønefoss. Problemet er at me ikkje har alternativ transport mellom Oslo og Hønefoss, sa Lundeby.

– Ingen lyspunkt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jo, eg veit at me har klart å køyre eitt tog frå Hønefoss, via Roa til Grefsen i Oslo. Derifrå måtte passasjerane fraktast vidare med T-banen inn til sentrum. Men det er ikkje kapasitet til å sende alle tog på denne lina, fortalde Lundeby.

Det var onsdag føremiddag at togtrafikken på Bergensbanen vart sperra av det tette snøvêret mellom Hønefoss og Oslo.

Ved 04-tida torsdag var altså Bergensbanen open att, som normalt.