Øystein Arvid Østro (f.v.), Svein Steinbråten og Odd Knutsmoen er naboar til eitt av tverrslaga der tunnelstein skal fraktast ut og lagrast.
Øystein Arvid Østro (f.v.), Svein Steinbråten og Odd Knutsmoen er naboar til eitt av tverrslaga der tunnelstein skal fraktast ut og lagrast.

Steinstøv øydelegg klestørken

Naboane har ikkje fått nokon garantiar for kva som skal skje med tunnelmassane ved ei ny kraftutbygging.

– Me ser med gru på at dette kan bety steinknusing i fleire tiår, seier Svein Steinbråten, næraste nabo til eitt av tverrslaga der dei skal frakte ut tunnelmasse.

Dunder og brak

Fleire av huseigarane på Bergasida i Gol var med på synfaringa med OED. Dei gav uttrykk for at dei fryktar støy og støv frå anlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det beste hadde vore om det ikkje vart noko, men me kan ikkje stoppe utviklinga. Eg forventar i det minste at det ikkje blir anleggsdrift om natta. Sist dundra og bråka det døgnet rundt. Eg kjem til å kjempe med nebb og klør for at det ikkje skal bli slik igjen, seier Steinbråten.

Ro og fred

Både Steinbråten og Øystein Arvid Østro hugsar sist det vart sprengd tunnel. Det gjer ikkje nabo, Odd Knutsmoen.

– Eg er eigentleg frå byen, men flytta opp hit for å få fred og ro, seier han. Også han fryktar konsekvensane av at dei skal ta ut enorme mengder steinmasse like i nabolaget. Dei tre naboane har ikkje fått garantiar for at det ikkje blir sett opp eit knuseverk i nabolaget.

– Eg hugsar sist. Me kunne berre gløyme å hengje ut klesvasken. Det la seg eit grått lag med steinstøv over glasrutene, seier Østro.

Ut av kontoret

Ekspedisjonssjef i OED, Per Håkon Høisveen, nektar å svare på kva departementet legg vekt på når dei skal gjere sine vurderingar av konsesjonssøknaden. – Kva har OED att for ei slik synfaring? Kunne de like godt behandla søknaden frå kontoret?

– Nei, det er viktig å kome seg ut av kontoret. At me får prate både med kraftselskapet, vertskommunen og folk som blir berørt sikrar at me gjer eit så godt vedtak som råd, seier han.