Sigurd Tveito (t.v.) Håvard Tveito og Ove Grøndal har brukt mykje tid på pilotprosjektet sitt. No opnar dei snart dørene for alle som vil sjå.
Sigurd Tveito (t.v.) Håvard Tveito og Ove Grøndal har brukt mykje tid på pilotprosjektet sitt. No opnar dei snart dørene for alle som vil sjå.

Steinhard hussatsing

Hallingdal betong ynskjer å syne at eit hus ikkje nødvendigvis treng byggjast i tre.

I øvre del av Kolbotnfeltet i Ål har Hallingdal Betong AS bygd opp eit funkishus, naturleg nok i betong. Det aller meste av huset er bygd av og med materialar som dei sjølve produserer. Denne veka opnar dei dørene på det fyrste betonghuset som dei har bygd i Hallingdal.

Sjølvteikna

Det er ikkje spart på noko som helst under bygginga av huset, og det står fram med ein standard som ligg godt over gjennomsnittet. Utvendig er det praktisk talt vedlikehaldsfritt. Golva inne i huset er utførte med slipt betong som ferdig overflate. I fyrsteetasjen er golva svart, medan dei har valt eit kvitt golv i andre etasjen. Alle golv i huset har varmekablar, medan bad og vaskerom er flislagde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sidan dette er eit hus me skal vise fram, ynskjer me å syne alle moglegheitene som finst. Byggjekostnadane blir ikkje høgare om ein vel betong framfor tre som byggjemateriale. Mest truleg vil byggjekostnadane vera ganske like, fortel dagleg leiar i Hallingdal betong, Håvard Tveito.

– Vil ikkje betongen bli dårleg etter kvart?

– Betongen held mykje lenger enn tre, og den er meir slitesterk.

Håvard Tveito i Hallingdal betong har vore med å setje opp det aller fyrste betonghuset dei har bygd i Hallingdal. Både tak, veggar og vindauge er bygde med tanke på energisparing.
Håvard Tveito i Hallingdal betong har vore med å setje opp det aller fyrste betonghuset dei har bygd i Hallingdal. Både tak, veggar og vindauge er bygde med tanke på energisparing.
Huset er bygd med ein høg standard. Hovudbadet er utstyrt med både dusj og boblekar. Begge bada og vaskerom er flislagde, medan alle andre golv er i betong.
Huset er bygd med ein høg standard. Hovudbadet er utstyrt med både dusj og boblekar. Begge bada og vaskerom er flislagde, medan alle andre golv er i betong.
Alle golv i heile huset har varmekablar. I tillegg er det både eit balansert ventilasjonsanlegg som held på varmen, samtidig som det heile tida byter ut lufta. Samstundes har Håvard Tveito sett inn vedomn i stova.

Det er ein tilsett i selskapet som har teikna funkishuset i Kolbotn-feltet. Interessa har vore svært stor. Difor har dei valt å opne dørene for alle som vil ta huset nærare i augesyn.

Kort byggjetid

Det var i fjor vår dei bestemde seg for å byggje. Grunnarbeidet kom raskt i gang og i august begynte arbeidet med å montere elementa saman til eit funkishus på byggjeplassen.

– Dersom alt ligg til rette, kan me greie å setje opp eit slikt hus på kring tre månader, fortel Tveito.

– Er det marknad for betonghus i eit så skogrikt dalføre?

– Målet er å få i gang ein ny byggjestil. Tidlegare har kommunane sine reguleringsplanar hindra folk å setje opp hus i betong. Heldigvis har Ål kommune opna opp for at dette skal bli mogeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pris

Huset som Hallingdal betong skal opne dørene på denne veka vil ende opp med ein prislapp på mellom 4,3 og 4,5 millionar kroner. I tillegg til huset vil prisen inkludere ei fint opparbeid tomt med flotte murar.

– Dei fleste som byggjer hus i dag endar fort på fire millionar kroner før alt er ferdig. Dette er eit høgstandard-hus, difor vil også prisen bli høgare, fortel Tveito.

Så snart dei har hatt visning på huset, vil det bli lagt ut for sal.