Sju interessentar har levert inn bod på Statskog sin eigedom Dalføret i Gol. Biletet viser Kroktjørn – eit attraktivt fiskevatn for medlemmene i Gol JFF.
Sju interessentar har levert inn bod på Statskog sin eigedom Dalføret i Gol. Biletet viser Kroktjørn – eit attraktivt fiskevatn for medlemmene i Gol JFF.

Statskog sel til høgstbydande

Det har kome inn sju bod på Dalføret. – Så langt er høgste bod 4 millionar.

Det fortel Nils Lygre, som er salsansvarleg i Statskog.

Tappa for verdifull skog

Han seier det er oppdaga ein feil som fører til at bodrunden blir forlenga til det blir lagt fram ny takst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skogverdien er kanskje lågare enn det me fyrst trudde. Det var tatt ut skog, som ikkje var registrert i taksten, seier han.

Torsdag bestilte Statskog ny takst av eksterne takstfolk. – Alle bodgjevarane er orientert om feilen og får høve til å revurdere boda, seier han.

Høgste bod vinn

– Har Statskog høve til å selje til ein lågare pris for å vise samfunnsansvar og sikre allmenne friluftsinteresser?

Statskog sel skogeigedomen til høgstbydande.
Statskog sel skogeigedomen til høgstbydande.

– Miljødirektoratet har forkjøpsrett til skogområde som er verneverdige. Dei har ikkje meldt interesse for denne skogeigedomen. Utover det, er me pålagt å selje til høgstbydande, seier Lygre. Han reknar med at kjøpet vil vere avslutta i god tid før jul.