Smitte i Gol: Ny skuleklasse må inn til testing

Nok ein klasse ved Ål vidaregåande er råka av koronasmitte. Denne gongen på grunn av eit ferskt smittetilfelle i Gol.

– Me har ein aning om smittekjelda, som er utanfor kommunen, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Seks personar er sett i karantene, og fleire av desse er alt testa. Hurtigtestane var negative.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein klasse ved Ål vidaregåande er råka av dette tilfellet, og det vil bli gjennomført testing på dei andre elevane, seier Thurainayagam.

Les også
Smitta blir sendt på hytta for å sitje i isolasjon: – Det er eit aukande problem

I tillegg er to skuleklassar ved Gol skule og ei barnehageavdeling indirekte råka, via nærkontaktar. Desse er sett i ventekarantene til svara på prøvane tatt av nærkontaktane kjem.

– Me håpar å få dei i løpet av helga. Dette gjer me for å avgrense så godt som mogleg, seier Thurainayagam.

Han understrekar at elevar, foreldre og tilsette dette gjeld alt er blitt varsla av skulen. Dei som ikkje har høyrt noko, treng altså ikkje gjere noko som helst.

Les også
Legane er uroa over at smitta aukar: - Heilt avgjerande at alle gjer sitt

Fleire kommunar i Hallingdal har den siste veka opplevd at smitta har råka barn og unge. Framleis er det slik at nærkontaktar som ikkje har fått vaksine eller har vore smitta av koronaviruset for mindre enn 12 månader sidan, må i karantene.

– Men alle som utviklar symptom, må ta kontakt og teste seg, seier Thurainayagam.

– Å teste seg tidleg er nøkkelen for å avgrense smitteutbrot.

Totalt er 29 personar smitta i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 29 smitta fordeler seg slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol: 9

Ål: 15

Hemsedal: 1

Hol: 2

Nesbyen: 2

Les også
Smitta i Ål breier om seg: Testar nytt klassetrinn i dag