Smitta i Ål breier om seg: Testar nytt klassetrinn i dag

9. og 10. klasse ved Ål ungdomsskule har alt blitt koronatesta etter at det vart oppdaga smitte på begge trinn. Fredag vart også 8. klasse råka.

– Det har vore svært høg testaktivitet. 8. trinn vil bli testa laurdag, seier kommuneoverlege Toril Bøyum til Hallingdølen.

Utbrotet i Ål held fram å vekse. På ei knapp veke har 15 personar fått positive prøvesvar, og kommunen har hatt fullt opp med testing og smittesporing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk du med deg denne? Må avlyse konfirmasjon etter smitte: - Det er trist

Det siste tilfellet kom altså fredag.

– Det var ein nærkontakt. Me vil vite meir om omfanget av situasjonen når me har testa heile trinnet, seier Bøyum.

Totalt er 27 personar smitta i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 27 smitta fordeler seg slik:

Gol: 8

Ål: 14

Hemsedal: 1

Hol: 2

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen: 1

Les også
Legane er uroa over at smitta aukar: - Heilt avgjerande at alle gjer sitt
Les også
Smitta blir sendt på hytta for å sitje i isolasjon: – Det er eit aukande problem