Styrar Bernt Ivar Hjelmsø, Fabian Tormodsgard Røv og Pawel Wawrzyniak kosar seg med lesing.
Styrar Bernt Ivar Hjelmsø, Fabian Tormodsgard Røv og Pawel Wawrzyniak kosar seg med lesing.

Slutt for gutar på jobb i barnehagen - kuttar ein god ressurs

Viken har fjerna pengestøtta til prosjektet Menn i barnehage (MIB).

Det betyr at det er slutt på å få inn gutar frå ungdomsskulen som leikeressurs i barnehagane.

Satsar på utdanning

– Fylkesmannen i Viken satsar no midlar på å få opp kompetansen for barnehagelærarar på grunn av den nye pedagognorma som trådde i kraft 1. august 2018, seier Karin Heiene på oppvekstkontoret i Ål kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordninga med leikeressurs har for Hallingdal vore praktisert sidan barnehageåret 2013/2014 og fram til og med 2018/2019 gjennom midlar frå Fylkesmannen i Buskerud. Dette er midlar som har gått til likestillingsarbeid og fremme rekruttering av mannlege barnehagelærarar. Alle barnehagar med mannlege tilsette har hatt mogelegheit til å søkje om midlane.

Skuffande

No vurderer MIB Hallingdal nye tiltak.

– Det er ikkje noko som er planlagt, men MIB Hallingdal har eit stort ynskje om at leikeressursane skal fortsette, seier styrar i Sando barnehage, Bernt-Ivar Hjelmsø.

I Ål har Sando barnehage, Torpo barnehage og Sundre barnehage vore med i prosjektet med dei mannlege tilsette som rettleiar.

– Det har fungert kjempebra, seier Hjelmsø. Han fortel at ungane alltid gler seg til å leike med gutane frå ungdomsskulen. Det kunne vera aktivitetar som teikning, måling, bygging av lego, musikkstund, uteaktivitetar eller lesing.

– Ungdommane har fått lønn, og dei har fått eit anna inntrykk av korleis det er å jobbe i ein barnehage, fortel Hjelmsø. Han seier det kjem til å bli eit sakn utan ungdommane.

Rekrutteringsprosjekt

Leikeressursen har vore retta mot gutar i 9.-trinn på ungdomsskulen. Med ressursar frå fylkesmannen har det vore mogeleg å gje gutane løn. For å lære korleis ein søknad og tilsettingsprosess føregår, har elevane skrive søknad med referanse og det har vore intervju/samtale med aktuelle kandidatar.

– Dei har fått ein smak på yrkeslivet, seier Hjelmsø som meiner det er viktig å begynne tidleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig prosjekt

Håpet er at nokon av ungdommane kjem att i ordinære stillingar i barnehagar seinare. Slik sett var prosjektet også eit rekrutteringsprosjekt av menn i barnehage.

– Me meiner det er viktig å vidareføre tilbodet, sidan det er eit rekrutteringstiltak for å få menn til å søke seg til barnehageyrket, seier Hjelmsø. Barnehagar i alle kommunane i Hallingdal har vore med i prosjektet så lenge det har vore mannlege tilsette.