Biletet er frå ei skredundersøking nær Haugastøl i 2017, etter at ei tysk kvinne få dagar tidlegare vart tatt av eit snøskred.
Biletet er frå ei skredundersøking nær Haugastøl i 2017, etter at ei tysk kvinne få dagar tidlegare vart tatt av eit snøskred.

Skredfaren aukar

Faren for snøskred er auakande i fjellet i Hallingdal fram mot sundag, seier eit skredvarsel frå varsom.no.

Det er moderat fare for at det kan går snøskred i bratt terreng i store delar av landet for tida.Eit skredvarsel for sundag 11. februar fortel om auka skredfare.

Frå faregrad 2 til 3

Oppgraderinga frå faregrad 2 til 3 heng saman med snøen som har kome siste døgn. Faregrad 3 betyr "betydeleg skredfare". Ein kan gå ut frå at det er ustabile nysnøflak i mange leområde. Det finst også vedvarande svake lag i snødekket som lett kan bli påverka der snødekket er tynt, heiter det. Med andre ord skal det lite til for å løyse ut skred.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan gå naturlege skred i Hardanger

Hallingdal er ikkje like skredutsett som Hardanger. Her er skredfaren no endå større, kategorisert som faregrad 4. Då kan det gå naturlege, store skred utan ytre påverknad.

Meir informasjon finn ein på varsom.no