Mari Sætre Jensen og Linn Finnerud slåst utanfor Khalles corner i Gol. Politiet, her ved Thea Brekko Nicolaisen og Andrea Opheim Stensgård, kvir seg for å gripe inn.

Skandalar, campus og politibråk - sjå bileta frå russerevyen her!

Hallingrussen har utvilsamt følgd med på nyheitene. Årets revy tek eit innhaldsrikt skuleår på kornet.

Onsdag føremiddag hadde russekullet generalprøve for medelevar og lærarar ved Gol vidaregåande skule. Sistnemnde lo kanskje høgast, noko som vitnar om god sjølvironi frå deira side. For dei får køyrd seg litt, tradisjonen tru.

Sjå stor biletserie her:

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgaktuelt og lokalt

Det er ingen tvil om at Hallingrussen har følgd med i nyheitsbiletet det siste året. Sketsjane er både høgaktuelle, relevante og ikkje minst dønn lokale. Spissar ein øyra og får med seg dei små replikkane, er det tydeleg at russen vil bli tatt på alvor. Dei følgjer med på kva som skjer.

Les også
Russen med muskelshow og HFK-parodi på menyen

Årets russekull tek for seg alt frå bu- og blilyst-tiltak, kollektivtilbodet, lokalval, Campus Hallingdal og ein ny fylkeskommune som er blakk som ei kyrkjerotte. Det er forfriskande å sjå dei samfunnsaktuelle tema gjennom ungdommen sine briller og med ein god dose humor.

Me får mellom anna møte journalisten Knut Dølen som har fått nyss i ei rekke politikarskandalar på toppnivå i Hallingdal. Det strekker seg frå aksjehandel til falske yrkestitlar og nasking frå matbutikken.

Martin Sørlie spelar gravejournalisten Knut Dølen, som har fått tips om ei rekke skandalar i lokalpolitikken.

Mykje å velje i

Revyen har plukka opp alt frå dialektdød til knotete legevaktsamarbeid. Dei rettar eit spark mot innflyttarar utan respekt for «halling-identiteten», og mot politiet som kvir seg for å ta grep når det er bråk i frykt for papirarbeidet som følgjer. På finurleg vis har elevane klart å flette saman nasjonale skandalar med lokale tema, og ikkje minst ein karakter eller to dei fleste vil kunne dra kjensel på.

Skulle 97 år gamle Arnstein Groven eigentleg blitt ordførar i Nesbyen, etter thriller-valet i 2023? Her spelt av Milla Dokken.

– Det er veldig bevisst. Me ønsker ikkje at ting skal vere for internt, men at det skal vere artig og inkludere heile demografien i Hallingdal, seier Maximilian Thomas Martinsen og Andrea S. Bergtun.

– Har de hatt godt materiale å velje i?

– Veldig, ler begge to.

– Me sleit ikkje med å kome på ting, men har heller måtte kutte, seier dei om året som har gått.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets russekull under opningsscena til revyen «Make Hallingdal Great Again».

Profesjonell hjelp

Bergtun og Martinsen fortel at billettsalet har gått bra så langt. Premieren går av stabelen onsdag kveld. Undervegs i prosessen har dei også fått hjelp av Buskerud Teater.

– Me har hatt ein teaterrådgjevar som har hjelpt oss med å lage ein revy som har preg av både det lokale, humoristiske og musikalske. Alt av tekst, song og dansar er laga av oss, men hjelpa med regien har vore kjempenyttig, seier revysjef Maximilian Thomas Martinsen.

Mikkel Evan Renslo, Kristin Hagen Paulsen og Maximilian Thomas Martinsen spelar innflyttarar som har starta «Torsdagsglasset» som trivselstiltak i Gol.

Kanskje har det også bidrege til at årets russerevy har ein klar og raud tråd gjennom heile framsyninga. Og tittelen på årets russerevy, «Make Hallingdal Great Again», passar godt til å samanfatte året som har gått. Noko er kanskje på veg til å bli «great» her oppe, og andre ting må det verkeleg jobbast hardt med.

Malin Jonsen spelar «jenta på hybelen». Her vart ho plassert i isolasjon av far sin medan ekstremvêret Hans herja i Hallingdal. Dei som har sett Staveloftspelet på Hallingdal Museum vil nok kjenne att denne.