Fylkesordførar Tore Opdal Hansen (H).

Slår alarm om økonomien i Buskerud: – Får dramatiske følgjer for tilbodet me kan gi

I eit brev til kommunal- og distriktsministeren gir fylkespolitikarane klar melding om den vanskeleg situasjonen Buskerud fylkeskommune er i.

– Buskerud fylkeskommune står i ein svært krevjande økonomisk situasjon etter oppdelinga av Viken. Dagens situasjon er ikkje berekraftig, slår sju gruppeleiarar i fylkeskommunen fast i brevet til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Situasjonen er så krevjande at dei rapporterer direkte til statsråden og folkevalde på Stortinget. Erling Sande blir også invitert til Buskerud til våren for å få endå betre kjennskap til den alvorlege situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kutte 250 millionar

Buskerud fylkeskommune har eit budsjett på nesten fire milliardar kroner. Men oppgåvene er mange. Vidaregåande skular står for halvparten av budsjettet, samferdsel og kollektivtrafikk ein fjerdedel.

Etter oppsplittinga av Viken fekk Buskerud eit nullbudsjett. Det er i seg sjølv for svakt. I tillegg er det brukt av eigenkapital for å få budsjettet i hop. På toppen gjekk rammeoverføringa ned fordi Røyken og Hurum ikkje lenger er ein del av Buskerud.

Les også
Politikarane vil legge ned dramalinje, men ønsker nytt tilbod innan 2025

I sum betyr det behov for kraftige kutt. Politikarane må redusere ramma med 250 millionar kroner i året. I slutten av fireårsperioden må det årlege kuttet aukast til 300 millionar.

– Dramatiske følgje

Fylkesordførar Tore Opdal Hansen (H) er klar på at dette får konsekvensar.

– Kutt på 250 millionar kroner får dramatiske følgje for tilbodet me kan gi innbyggjarane våre, seier han.

Han opplyser til Hallingdølen at ordførarane i Buskerud skal samlast torsdag for å bli orientert om ulike kuttalternativ. Dette blir gjort i ein tidleg fase som gjer det mogeleg å kome med innspel.

Ved overgangen til Viken gav Buskerud fylkeskommune bort aksjane sine i kraftselskapet Vardar til kommunane i fylket. Siste år gav desse aksjane utbytte på 150 millionar. Opdal Hansen er samtidig klar på at aksjane er gitt bort og ikkje vil bli kravd tilbake.

Høgare ramme

Fylkesordføraren presiserer at alt det fylkeskommunen får av pengar til drift kjem frå regjering og Storting. Det betyr også at løysinga for ein betre økonomi ligg nettopp der.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil at kommunalministeren er klar over kva følgjer dette får for innbyggjarane i Buskerud. Når situasjonen er som han er, blir det viktig at statsråden er opplyst om dette, seier Opdal Hansen.

Les også
Kan miste støtte: – Signalet er at støtta til Hallingbussen blir kutta med éin million kroner

Brevet og informasjonen til statsråden er også eit innspel til det nye inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar som det blir jobba med.

– Dette er ei realitetsskildring på vår situasjon, seier han.

– Forventar du høgare ramme frå staten?

– Ja. Ramma er altfor låg i forhold til aktivitetsnivået me har. Og eg føler at det me gjer er fornuftig, seier Opdal Hansen.

Wake-up-call

Fylkesordførarane kallar brevet til statsråden ein «wake-up-call». Det handlar om å vekkje dei ansvarlege og orientere om kor dramatisk situasjonen er.

– Det er ikkje bra. Eg gruer meg til å måtte gjera det me blir nøydd til for å få økonomien i balanse, seier Tore Opdal Hansen.

Sju av gruppeleiarane har signert brevet til Erling Sande. Gruppeleiarane for Ap, Sp, SV og Rødt har ikkje signert. Det skulle fylkesordføraren gjerne sett at dei gjorde. Men gruppeleiarane kallar brevet for eit bra initiativ. Så vil dei jobbe for saka innafor sine kanalar.

Artikkelen held fram under annonsen.