På Torpo vart familien på fire funne døde laurdag.

Siste frå politiet - har tatt over 30 avhøyr av vitne: – Folk ringer framleis inn med opplysningar

Politiet meiner at offera på Torpo vart skotne mens dei sov.

– Undersøkingane av åstaden tydar på at det ikkje er brukt lyddempar. Mange har stilt spørsmål ved om dei då ikkje vakna. Men dette er ein del av den vidare etterforskinga, seier politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen til Hallingdølen onsdag.

Les også
Ingunn (53), Sander (22) og Signe (18) mista livet i tragedien

Dei drepne har blitt obdusert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I samband med obduksjon blir det tatt toksikologiske prøver, og blodprøver for å sjå om dei kan ha hatt noko i blodet. Det er noko me vil få svar på seinare, seier Mathiassen.

Ho seier vidare at det ikkje var teikn til kamp i bustaden, og at det er dette som er bakgrunn for at politiet meiner dei vart drepne mens dei sov.

Over 30 avhøyr

Gjennom påskehelga vil etterforskinga bremse noko opp.

– Oppgåvene som hastar, som må gjerast, har prioritet. Det handlar blant anna om videomateriale, som må hentast inn før det forsvinn.

– Har de beslaglagt mykje videomateriale?

– Me ønsker å kartlegge dei siste bevegelsane deira, då er dette naturleg å gjere.

Les også
– Det er rart at han ikkje er der. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno

– Har de gjennomført mange avhøyr med vitne?

– Me har kome ganske langt, og tatt over 30 avhøyr så langt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Får de mykje tips?

– Folk ringer framleis inn med opplysningar som kan vere relevant.

Det er ektemannen og faren i familien som er sikta for drap på dei tre andre. Namna vart gjort kjent tysdag, i samråd med dei pårørande.

– Er mannen kjent frå politiet frå før?

– Dette er ikkje ein kjenning. Han har aldri før vore sikta eller mistenkt i nokon sak.

Siste sikre livsteikn

I tillegg ser politiet på helsehistorikken.

– Det er heilt naturleg at me hentar inn legejournalar. Både på den sikta, men også dei andre avdøde. Me gjer dette med tanke på å finne mogleg motiv, eller årsak, seier Mathiassen.

Politiet jobbar også med å kartlegge elektroniske spor. Mathiassen fortel at det er henta inn mykje materiale, og at det no vil bli gått gjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når har de siste sikre livsteikn?

– Seint fredag kveld, seier politiadvokaten. Ho ønsker ikkje å gå inn på kva det var, eller frå kven av dei avdøde.

Les også
Foreldre har behov for å møtest etter tragedien: – Ingunn var ein stødig og trygg lærar