Soen Eng Yap i sanitetsforeininga og ordførar Tore Haraldset skreiv under avtala som forpliktar partane til eit endå tettare samarbeid.
Soen Eng Yap i sanitetsforeininga og ordførar Tore Haraldset skreiv under avtala som forpliktar partane til eit endå tettare samarbeid.

Samarbeid om beredskap

Nes kommune vil skrive beredskapsavtaler med lag og foreiningar.

Den aller første vart skriven under onsdag. Då signerte ordførar Tore Haraldset og leiar i Nesbyen Sanitetsforening, Soen Eng Yap, avtalen.

– Det er greitt å ha ein avtale om eit forpliktande samarbeid, seier Haraldset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formalisert

Kommunen og sanitetsforeininga har hatt eit samarbeidsforhold i fleire år. No er det formalisert.

– Beredskapsgruppa i kommunen er avhengig av mannskap og utstyr frå foreiningar og bedrifter ved alvorlege hendingar og krisesituasjonar. Me veit at dei stiller opp, og er også trygge på at dei gjer det. Men no blir altså underteikna ein avtale om beredskapssamarbeid, seier Haraldset.

Stiller opp

Avtalen mellom kommunen og sanitetsforeininga betyr at dei vil arbeide tett saman.

Partane har blant anna ambisjonar om å inkludere foreininga i øvingar som går på kriseleiing og krisehandtering. Avtalen forpliktar sanitetsforeininga til å bidra med personellressursar ved kriser eller alvorlege hendingar.

– Me håpar å inngå tilsvarande avtalar med andre som vil bidra i ein krisesituasjon, seier Tore Haraldset.