Ein mann frå Nore og Uvdal har ikkje gitt lyd frå seg sidan han la ut på fisketur 20. juli. Torsdag vart han meldt sakna.
Ein mann frå Nore og Uvdal har ikkje gitt lyd frå seg sidan han la ut på fisketur 20. juli. Torsdag vart han meldt sakna.

Sakna uvdøl framleis ikkje funnen

Politiet har no avslutta aktivt søk etter mannen frå Nore og Uvdal, som har vore sakna i tre veker. Mannen er framleis ikkje funnen.

Ein mann (36) frå Nore og Uvdal har vore sakna sidan han la ut på fisketur 20. juli. Tysdag var det sett i verk ein leiteaksjon etter mannen.

Framleis sakna

Politiet veit ikkje kvar han skulle, men har fått opplyst av familien kva for område han pleier å reise til. Sundag føremiddag står politiet framleis utan spor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har søkt over store fjellområde, der han kan reknast med å vera, med både helikopter og småfly. Me har ikkje gjort noko funn og har heller ingenting som fortel oss kvar han kan vera. Det aktive søket etter mannen vart difor avslutta fredag. Nore og Uvdal lensmannskontor har tatt over etterforskinga inntil vidare. Me vil sjølvsagt ta ei ny vurdering om det dukkar opp nye opplysningar i saka, seier Kjell-Reidar Johansen, operasjonsleiar i Søndre Buskerud politidistrikt, til Hallingdølen.

Står utan spor

Før helga gjekk politiet ut med ei saknamelding for å gjera folk som beveger seg i fjellet merksame på situasjonen. Før helga vart det søkt frå Branngårdslia i Uvdal over til Læøyngårdsået og mot Lufsjå og Gråvåranden. Politiet opplyser at det ikkje er uvanleg at mannen legg ut på lengre turar åleine.

– Me har heller ikkje fått kontakt med telefonen hans. Me har gjort ein grundig jobb, men har førebels ingenting å gå etter, seier Johansen.

Folk bes kontakte politiet på 02800, dersom nokon treffer på mannen eller ser spor som kan knytast til ein sakna person.