Ulykkestaden i Gulsvik. Biletet er teke tre dagar etter ulykka.

Rv7 open att etter synfaring på ulykkesstad

Tysdag mellom klokka 10:00 og 12:00 var Rv7 delvis stengt på ulykkesstaden i Gulsvik, nokre kilometer sør for Circle K. Det var her tre ungdommar omkom då dei på kvelden 23. august kolliderte med ein lastebil.

Klokka 12:45 var vegen open att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart på føremiddagen halde synfaring på ulykkesstaden. Vegen var delvis stengt denne perioden.

Det var omkøyring for personbilar på Fv2900 i Sørbygda. Tungtransport måtte rekne med noko venting.

Måndag kveld vart det halde minnemarkering på same stad. Ungdommar frå Flå og Krødsherad møtte opp for å minnast dei tre brørne som mista livet i den tragiske ulykka.

Les også
Mintest brørne som omkom på Rv7
Les også
Ibrahim og Yahya jobba på McDonalds: - Dei var fulle av pågangsmot; me har mista ein stor ressurs
Les også
Blodprøva var rein