Turistsjef Pål K. Medhus vil fortelje om kva konsekvensar tapet av skattekontoret har for reiselivet i Hallingdal. (Arkivfoto))
Turistsjef Pål K. Medhus vil fortelje om kva konsekvensar tapet av skattekontoret har for reiselivet i Hallingdal. (Arkivfoto))

– Reiselivet treng skattekontoret

– No må Distrikts-Norge vakne, seier turistsjefen på Geilo.

Også Pål K. Medhus er oppgitt over at skattekontoret i Gol skal leggjast ned. Han har teikna seg til innlegg på folkemøtet om skattekontoret.

– Eg trur ikkje det sit folk på Stortinget som har lyst til å avvikle distrikta, men det kan av og til virke slik når me ser omfanget av dei ulike distriktsfiendtlege reformforslaga. Me opplever ei sentralisering utan sidestykke. Det er ein serie med reformer, som kvar for seg ikkje er store, men som i sum får eit alvorleg omfang. Me kan ikkje lenger sitje stille og sjå på at dei fjernar stillingar og funksjonar frå distriktet. No må Distrikts-Norge vakne, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alvorlege konsekvensar

Medhus meiner nedlegging av skattekontoret er nok eit grep som gjer at det blir vanskelegare å drive rasjonelt og effektivt.

– Det kan ikkje vere godt gjennomtenkt. Dei burde setje seg betre inn i konsekvensane. Hallingdal er eit distrikt med stor næringsaktivitet. Mange bransjar er avhengige av utanlandsk arbeidskraft, som må møte personleg opp på skattekontoret. Difor treng me eit skattekontor i distriktet, seier han.

– Meiningslaust

Turistsjefen på Geilo vil bruke taletida si på folkemøtet til å snakke om konsekvensane for reiselivet.

– Reiselivet er mindre sesongbetont enn det har vore. Det er stor aktivitet både sommar og vinter. Reiselivet er også ein bransje med stor utskifting av staben. Viss bedriftene skal drive lovlydig og etter boka, er det avgjerande at me har eit skattekontor i distriktet, seier han.