Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil bygge veg, men skyv Ringeriksbanen ut av Nasjonal transportplan. Biletet er frå presentasjonen av nyheita 19. mars.

Reguleringsplan i det blå - brukte ein månad på ikkje å svare på fire spørsmål

Hallingdølen har prøvd å få samferdselsministeren i tale om Ringeriksbanen og ny E16. Det har ikkje vore enkelt.

19. mars presenterte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) nyheita om at Ringeriksbanen var ute av regjeringas forslag til ny Nasjonal transportplan (NTP), men at dei vil bruke 13 milliardar (inkludert bompengar) på ny E16 mellom Skaret og Hønefoss.

Regjeringa vil splitte fellesprosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lekkasjen vart profilert som ei storstilt vegsatsing for Buskerud, mens den byggeklare Ringeriksbanen var ute av neste 12-årsplan og vil bli vurdert i ein fjerntogstudie saman med ytre Inter City til Lillehammer, Skien og Halden.

Regjeringa vil no søkje støtte for forslaget i Stortinget.

Regjeringa vil skuve Ringeriksbanen ut av Nasjonal transportplan.

Forslaget betinger ...

Framlegginga 19. mars står i sterk kontrast til tidlegare lovnader frå både statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og stortingsrepresentant Masud Gharahkhani (Ap), som før valet garanterte for oppstart av Ringeriksbanen.

No blir veg prioritert framfor jernbane.

Les også
Krev at regjeringa ryddar opp: – Nesten sjokkarta å høyre nyheita om å splitte veg og bane

Nygård håpar å kunne starte vegbygging i fyrste fireårsperiode, men skriv samtidig i forslaget til Nasjonal transportplan at dette «betinger at reguleringsmessige forhold knyttet til oppdeling av prosjektet blir avklart».

Kan planen gjelde?

Reguleringsplanen for Ringeriksbanen og ny E16 er nemleg vedteken som fellesprosjekt. Når ulike instansar har uttalt seg om miljø opp mot ny veg og bane, og vege desse vurderingane, er det ut frå fellesprosjekt med veg og bane.

Eit spørsmål er derfor om reguleringsplanen for fellesprosjektet kan gjelde for berre bygging av veg, utan garanti for at banen blir bygd.

Kan vidareføring av ny E16 frå Skaret i retning Hønefoss halde fram, med utgangspunkt i felles reguleringsplan for veg og bane?

Og i forlenginga av det: Er det realitetar i den omtalte vegsatsinga, viss ein ikkje veit om vedteken reguleringsplan gjeld?

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen har prøvd å få svar på dette frå samferdselsministeren.

Fire konkrete spørsmål

25. mars fekk Samferdselsdepartementet følgjande skriftleg spørsmål på mail frå Hallingdølen:

1. Kva konkrete vurderingar har regjeringa gjort av kor vidt planen er gyldig ved bygging av veg, utan at jernbane er tidfesta?

2. Er det risiko for at det må gjennomførast ein ny reguleringsplanprosess?

I tillegg viste Hallingdølen til NTP der det står at oppstart «betinger at reguleringsmessige forhold knyttet til oppdeling av prosjektet blir avklart», og spurte om det er riktig oppfatta at dette pr. no ikkje er avklart.

Og til slutt:

4. Viss dette er avklart, ber me om kopi av dokument som syner ein slik konklusjon.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) ventar med å avklare ting rundt Ringeriksbanen og ny E16 før Stortinget har behandla NTP-en i vår.

Ventar på Stortinget

Svara har late vente på seg. Etter 28 dagar og fem purringar har avisa endeleg fått svar. Ikkje frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, men statssekretær Tom Kalsås (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er svaret hans på dei fire spørsmåla:

«NTP er no under behandling i Stortinget, der foreløpig dato for debatt er sett til 12. juni: Sak - stortinget.no. Vidare arbeid knytt til FRE 16, blant anna oppfølging av føreslått alternativ i NTP, må vente på Stortingets behandling og vedtak. Deretter legg vi opp til å avklare dei naudsynte reguleringsmessige forholda».

Les også
Vestenfor (Ap) svært kritisk til eigen regjering: – Rydd opp, slik SV krev. Det er min viktigaste bodskap

Konklusjon

Skal ein tolke svaret, ut frå spørsmåla som er stilt, blir konklusjonen denne:

* Kva konkrete vurderingar regjeringa har gjort av kor vidt reguleringsplanen er gyldig, er uvisst.

* Indirekte seier departementet at dette ikkje er avklart.

* Når det ikkje er avklart, vil det vere ein risiko for at det må gjennomførast ein ny reguleringsplanprosess.

* Regjeringa gjer ikkje noko med å avklare dette før etter Stortinget har behandla NTP.