Ordførar Tore Haraldset (t.v.) gjorde Rune Ihle til skyteskive for kritikken om dårleg samarbeidsklima mellom enkelte politikarar og administrasjon i forrige møte. Torsdag beklaga ordføraren delar av den kritikken.
Ordførar Tore Haraldset (t.v.) gjorde Rune Ihle til skyteskive for kritikken om dårleg samarbeidsklima mellom enkelte politikarar og administrasjon i forrige møte. Torsdag beklaga ordføraren delar av den kritikken.

Ordføraren beklaga

Nes-ordførar Tore Haraldset (Bygdelista) beklagar delar av kritikken han retta mot Rune Ihle (H) i førre kommunestyremøte.

Då gjorde ordføraren Ihle til skyteskive for kritikken om dårleg samarbeidsklima mellom enkelte politikarar og administrasjon.

Ordføraren hevda at Ihle i eit møte med fylkesmannen skal ha sagt at «me politikarar skal rydde opp på teknisk», og at Ihle i eit anna møte tok opp spørsmålet om å oppheve teieplikta for tilsette. I kommunestyremøtet torsdag fekk dette eit etterspel. Bakgrunnen var tre grunngjeve spørsmål frå Knut Jakob Larsen (uavhengig). Larsen ville mellom anna ha svar på om det er god leiing å rette slike skuldingar mot ein kommunestyrerepresentant.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Var utydeleg

I svaret sa Haraldset at han meinte det var nødvendig å ta opp saka, men beklaga overfor Ihle dersom han hadde vore utydeleg i uttalene om dei to møta.

Haraldset tok opp saka i forrige møte med bakgrunn i sterke reaksjonar frå tillitsvalde. Larsen ville ha svar på om ordføraren hadde snakka direkte med tillitsvalde, eller om kritikken vart framført via rådmannen. Haraldset presiserte at han aldri har hatt møte med tillitsvalde om saka.

– Eg går alltid til rådmannen, og kommuniserer berre med han, seier Haraldset til Hallingdølen.

– Meiner du det likevel var rett å gjere som du gjorde?

– Me må til botnen i dette. Det måtte til ein liten eksplosjon. No er me i botnen, og no må me oppover og framover, seier Haraldset.

I det skriftlege svaret til Larsen peika ordføraren også ut ein ikkje namngitt politisk representant som skal ha bede ein tilsett i teknisk etat om orsaking i eit møte i teknisk utval.

Bad om orsaking

Rune Ihle seier det er han som har bede om orsaking.

– Eg sa at dersom nokon har hatt vondt og hatt problem med det som har vore teke opp, beklagar eg det sterkt, seier Ihle, og understrekar at han har teke dette opp gjennom rådmannen og at det har gått på sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ihle er leiar i kommuneplanutvalet og nestleiar i teknisk utval, og det var samarbeidet mellom nettopp desse utvala og administrasjonen Haraldset peika på som problemområde i forrige kommunestyremøte.

– Korleis opplevde du å vere adressaten for kritikken om samarbeidsproblema?

– Personleg er eg tjukkhuda. Men påstandane han kom med var ikkje riktige. Eg sa aldri at «me politikarar skal rydde opp på teknisk». Det eg meinte var at oppryddinga internt skal handle om politikaranes rolle og administrasjon, seier Ihle.

– Du sa i forrige kommunestyremøte at det har vore samarbeidsproblem i fleire år. Kva er eigentleg problemet?

– Det handlar om system og forståing av roller. Det politiske reglementet er tydeleg på rollefordelinga. Det startar med å definere moglegheitsrommet for oss politikarar. Det kan me ta kritikk på sjølv. Der har me eit forbetringspotensial.

Til etterretning

– Kva tenkjer du på då?

– Med utgangspunkt i lovverket må me sjå kva for venstre- og høgreavgrensninger ein har. Mellom anna kunne ein sjå på moglegheitene for å greie ut to alternativ i saksutgreiingane slik at me kan gjere val. Fram til no har me fått eit deskriptivt saksframlegg frå rådmannen. Då kan, og eg påstår ikkje det, administrasjonen spele ei politisk rolle. Då får ein ei fagleg tilnærming som ikkje ser heile moglegheitsrommet.

«Kjernen i det me diskuterer» ligg her, ifølgje Ihle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er de som politikarar førebudde på å gjere forbetringar, og at de opptrer etter boka?

– Ja, me har forbetringspotensial. Det er det ikkje tvil om. Men me må definere problemet fyrst. Me må stille diagnosen før me starar med medisineringa.

– Med bakgrunn i kritikken du fekk i forrige møte. Du avviser at du er ein del av problemet?

– Eg er ikkje ein del av problemet, seier Ihle, og meiner dette om svaret frå ordføraren:

– Eg tek det til etterretning. Eg lever greitt med dette.