Torpo kyrkje opnar dørene for dei sørgande.

Opnar kyrkja for sørgegudsteneste - følg den LIVE på Hallingdølen

Skjærtorsdag vil det bli ei heilt spesiell gudsteneste i kyrkja på Torpo.

Heile bygdesamfunnet er rysta etter tragedien som råka i helga, der fire menneske vart funne døde i sin eigen heim.

Skjærtorsdag blir det sørgegudsteneste på Torpo, klokka 11. Den vil bli sendt LIVE på Hallingdølens nettside, og er open for alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av dei som deltek, er biskop Jan Otto Myrseth.

– Dette er ei hending som råkar både små og store i lokalsamfunnet, med sorg og fortviling, seier han.

– Kyrkja ønsker å gi rom for denne kollektive sorga og hjelpe til med å setje ord på det meiningslause. Å stå saman i det mørke og tunge, kan lette litt.

I tillegg til biskopen vil prost Sveinung Hansen og prostiprest Ole-Jonny Kleveland Lomme delta. Håkon Tveito er organist, og rådmann Karsten Popp Dideriksen skal bidra.