Politiet granskar saka som ei ulykke.
Politiet granskar saka som ei ulykke.

Omkom i drukningsulykke

Det var 20 år gamle Niat Mehari Medhanie som døydde i ei drukningsulykke i Øvre Eiker sundag.

Medhanie var eritreisk statsborgar, busett i Vikersund.

Han har hatt delar av oppveksten sin i Ål, og har vore elev ved Ål ungdomsskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var sundag like etter klokka 18 at politiet fekk melding om ei drukningsulykke frå Sundhaugen badeplass i Øvre Eiker. Ein mann vart henta opp frå vatnet av dykkarar frå brannvesenet og tatt hand om av luftambulansen. Han vart forsøkt gjenoppliva, men vart konstatert død på staden. Politiet har sett i gang undersøkingar, og mannen er rutinemessig sendt til obduksjon for å sikkert kunne fastslå dødsårsak. Politiet etterforskar saka som ei ulykke.

Dødsfallet til 20-åringen gjer sterkt inntrykk også nasjonalt. Medhanie var mellom anna kjent som ein respektert aktør i YouTube-verda. I 2017 var han programleiar for "Ta valget". Nettserien var støtta av Valdirektoratet i forkant av Stortingsvalet.