Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) avslo ein søknad om å bygge kraftverk i ytre Nes. Kraftverket skulle mellom anna nytte vatn frå Svangtjern.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) avslo ein søknad om å bygge kraftverk i ytre Nes. Kraftverket skulle mellom anna nytte vatn frå Svangtjern.

NVE stoppa kraftutbygging

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) set foten ned: Det blir inga kraftutbygging i Svangtjernåni i ytre Nes.

– Eg er skuffa over konklusjonen, seier Svein Magne Bråten.

Han fronta planane til Svangtjernåni Kraft. Arbeidet starta for fire-fem år sidan, og dei andre grunneigarane vart med på laget. Kraftverket var planlagd med ein årleg produksjon på 10 GWh. Pris: 40 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avslag

Men no er søknaden avslått.

Grunngjevinga er klar: Dei positive konsekvensane veg ikkje opp for ulempene fordi det i området er raudlisteartar i fleire kategoriar. Mellom annan er det registrert artar som er avhengige av fosserøyk. På elvestrekninga er det også registrert boreal regnskog i tillegg til eit bekkekløftsystem som blir vurdert som viktig.

– Sjølv med avbøtande tiltak vil kraftverket gje alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet, kommenterer NVE.

– Strenge

Saka er heller ikkje send ut på høyring, fordi NVE konkluderer med at det er heilt klart at søknaden må bli avslått.

Bråten håpa i det lengste på eit positivt svar. Han er naturleg nok ikkje einig i vurderingane NVE har gjort.

– Raudlisteartane er utfordringa her. Men som grunneigar synest eg dei er strenge, seier Bråten.