Illustrasjonsfoto: Testing av koronasmitte ved Ål legevakt denne veka.

Ny person koronasmitta i Gol - testa seg på flyplassen

Gol har dei siste dagane fått to tilfelle av såkalla «innreisesmitte».

Det vil si personar som har vore i utlandet og tatt med seg smitte heim til Norge.

Det siste tilfellet vart meldt inn til kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam onsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Testen vart tatt på flyplassen tysdag. Vedkommande er i fin form, og har vore i karantene etter å ha kome heim, seier han.

– Det er såleis ingen nærkontaktar, utanom eit familiemedlem som blir sett i karantene. Det vil bli gjennomført ein test av vedkommande neste veke, seier Thurainayagam.

Les også
Smitte registrert i skisenteret - ber folk følgje nøye med på symptom

Tilfellet av innreisesmitte er det andre på to dagar i Gol. Ved begge tilfelle har dei smitta testa seg på flyplassen og gått rett i karantene, så kommunen har god kontroll på situasjonen.

Sidan 18. desember har fem personar i Gol fått bekrefta koronasmitte. Talet totalt for Hallingdal i same periode er no oppe i 45.

Les også
Mann berserk - politiet måtte bruke peparspray