Det har vore stor trafikk i alpinsenteret i Nesbyen i jula.

Smitte registrert i skisenteret - ber folk følgje nøye med på symptom

Nesbyen fekk onsdag melding om at to personar som har vore i alpinanlegget i Natten i romjula, har fått påvist koronasmitte.

— Me antar at desse var smitta då dei var her i romjula. Me må i alle fall handtere situasjonen ut frå det, seier kommuneoverlege Nils Høva.

Han ber no folk som har vore i alpinanlegget, særleg i skistua, i perioden mellom 26. og 30. desember om å følgje nøye med på eventuelle symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei to som no er bekrefta smitta testa seg då dei kom tilbake til heimstaden sin. Dei har begge frekventert skibakken og skistua hyppig i denne perioden, seier Høva.

Dei tilsette som var på jobb der i same periode blir kalla inn for koronatest. Kommuneoverlegen ber alle andre som veit dei har vore i området om å ha låg terskel for testing om dei skulle kjenne symptom.

— Er du usikker, test deg, seier Høva.

Han understrekar at rutinane ved alpinanlegget og i skistua har vore gode.

— Det har blitt jobba godt med rutinar der, og det gjer at ting fungerer på eit heilt anna nivå no. Me hadde også fleire møte saman i forkant av jula.

Les også
Mann gjekk amok - to politifolk sendt til legevakt
Les også
43 smitta gjennom jul og nyttår: – Me skal følgje godt med dei neste to vekene
Les også
Sprøytestikk for historiebøkene