Lege Jørn Ingve Tømmerstrand testar potensielle koronasmitta ved Ål legevakt.

No er 35 personar bekrefta smitta i Hol — 61 i heile Hallingdal

Talet på koronasmitta aukar stadig i Hol. Også Ål har fått bekrefta eitt nytt tilfelle.

Hol er av dei kommunane som er hardast råka i landet når det gjeld koronaviruset.

Rask endring

Ved 17.30-tida onsdag ettermiddag melde kommuneoverlege Geir Strømmen at talet på smitta er oppe i 35. Det kjem stadig inn nye prøvesvar, derfor endrar talet seg raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare på dagen onsdag melde Hol om 27 smitta. Det er også dette talet som står på trykk i morgondagens papirutgåve av Hallingdølen, som gjekk i trykken klokka 15.00.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Berre i løpet av nokre timar har talet altså endra seg til 35. Sjølv om talet er høgt, seier kommuneoverlege Strømmen at dei har kontroll.

— Me driv smittesporing, og me har oversikt over situasjonen, seier han.

Tre innlagt

Tre personar frå Hol er sålangt lagt inn på sjukehus.

I morgondagens papirutgåve av Hallingdølen står det at alle desse tre er lagt inn ved Ringerike sjukehus. Onsdag ettermiddag melder Strømmen at det berre er to som har no ligg på Ringerike — den tredje personen ligg på Hallingdal sjukestugu.

Klokka 17.56 onsdag ettermiddag var tala på smitta i Hallingdal slik:

Flå: 1

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen: 13

Gol: 3

Ål: 5

Hemsedal: 4

Hol: 35

Det totale talet er no oppe i 61 smitta.

Les også
Her ber Rørby statsministeren om hjelp: - Me står på kanten av stupet
Les også
Nok ein koronasmitta frå Hol er lagt inn på sjukehus