Det er sett opp beredskapstelt for korona ved Geilo legesenter.

Nok ein koronasmitta frå Hol er lagt inn på sjukehus

Så langt er tre personar frå Hallingdal innlagt på sjukehus. Alle er frå Hol.

Denne artikkelen vart oppdatert klokka 18.05 onsdag 25. mars.

— Alle har alvorlege symptom, seier kommuneoverlege Geir Strømmen om tilstanden til dei tre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje vent med å slå alarm

Det ligg no totalt fire koronasmitta pasientar på Ringerike sjukehus. To av dei er frå Hol. Kommunen har i alt 35 personar som har fått påvist koronasmitte, og ventar på svar på ytterlegare prøver.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Strømmen har ei klar oppfordring til dei som alt har fått påvist smitte:

— Me ser frå både Ahus og Oslo universitetssjukehus at pasientar som har blitt lagt inn ofte har venta for lenge. Derfor må me berre oppfordre pasientar som merker at dei blir dårlegare, om å ikkje nøle. Ikkje vent for lenge med å slå alarm. Det er betre å kome på intensiven for tidleg, enn for seint.

Les også
Første tilfelle av koronasmitte påvist i Flå: — Me har kontroll
Les også
- Dette er vårt bidrag til litt positivitet i all negativiteten