Thoensturgu på Hallingdal museum.
Thoensturgu på Hallingdal museum.

Nes sikrar kulturminne

Nes kommune skal utarbeide ein kulturminneplan.

To kommunar i Buskerud, Nes og Ringerike, søkte Buskerud fylkeskommune om tilskot til arbeidet med å sikre lokale kulturminne.

Dei har fått 250.000 kroner kvar. Nes skal bruke pengane til å utarbeide ein kommunedelplan for kulturminne. Fylkeskommunen har sidan 2003 hatt som mål at alle kommunane skal få på plass eit kunnskapsgrunnlag om eigne kulturminne og utarbeide eit planverk som sikrar dei viktigaste kulturminna eit kommunalt vern etter plan- og bygningslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no har fire kommunar i Buskerud vedteke kommunedelplanar for kulturminne. Det er Hurum, Nore og Uvdal, Nedre Eiker og Lier.